Brian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Namnetrekket til Brian Mulroney.

Brian er eit mannsnamn av keltisk opphav og noko uviss tyding. Den vanlegaste forklaringa for namnet er at det kjem frå eit gammalkeltisk ord som tyder 'høg' eller 'høgbyrda'. Det har norsk namnedag den 4. september.

Andre skrivemåtar for namnet er Bríon og Bryan. Brjánn er ein islandsk variant. Brianna er eit avleidd kvinnenamn, medan Bryant og O'Brien er avleidde slektsnamn.

Rugbyspelaren Brian O'Driscoll.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har vore mykje brukt på Irland gjennom tidene, men blei også utbreidd i England gjennom bretonske innvandrarar i East Anglia, og vikinginnvandrarar frå Irland i Nord-England.

Brian i kulturen[endre | endre wikiteksten]

På Irland er namnet særleg knytt til krigarkongen Brian Bóroimhe, som skal ha drive vikingane frå øya. Brian, son av Tuireann og Brian, son av Eochaid Mugmedon, er også kjende frå irsk mytologi.

I nyare tid er namnet mellom anna kjend frå Monty Python-filmen Life of Brian.

Musikaren Brian May.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges, red. (2006), «Brian», A Dictionary of First Names, Oxford University Press