Brian May

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brian May
Brian-May with red special.jpg
May med sin Red Special i 1979
Verkeleg namn Brian Harold May
Fødd 19. juli 1947 (71 år)
Hampton, Middlesex, England
Instrument

Gitar

Sjanger rock
Aktive år 1965 til i dag
Yrke
  • Musikar
  • songar-låtskrivar
  • plateprodusent
  • astrofysikar
  • forfattar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Nettstad www.brianmay.com
Kjende instrument
Red Special, Fender Telecaster

Brian Harold May (fødd 19. juli 1947) er ein engelsk musikar, songar, låtskrivar og astrofysikar, mest kjend som sologitarist i rockebandet Queen. Han nyttar ein heimelaga elektrisk gitar, kalla Red Special. Av songar han skreiv for bandet finn ein «We Will Rock You», «Tie Your Mother Down», «I Want It All», «Fat Bottomed Girls», «The Prophet's Song», «Flash», «Hammer to Fall», «Save Me», «Who Wants to Live Forever» og «The Show Must Go On».

May var med å starte opp Queen med songaren Freddie Mercury og trommeslagaren Roger Taylor, og hadde tidlegare spelt med Taylor i bandet Smile sidan dei gjekk på universitetet. Innan fem år etter bandet vart danna i 1970, og med bassisten John Deacon som siste medlem i bandet, hadde Queen blitt eit av dei største rockebanda i Storbritannia med albumet A Night at the Opera og singelen «Bohemian Rhapsody». Frå midten av 1970-åra og fram til tidleg i 1990-åra var Queen nesten alltid inne på dei britiske salslistene og spelte på somme av dei største konsertstadane i verda, mellom anna ein særs lovprisa konsert under Live Aid i 1985. Som medlem av Queen vart May rekna som ein virtuos musikar og han har ein særeigen lyd som vert skapt av lag på lag med gitarlyd. Då Mercury døydde i 1991, tok Queen ein lengre pause, før dei May og Taylor kom saman att for å spele med forskjellige vokalistar. I 2005 kåra radiostasjonen Planet Rock May til den sjuande beste gitaristen gjennom tidene.[1] Han vart rangert på 26. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2012 vart May rangert som den nest beste gitaristen gjennom tidene av Guitar World.[3]

Han vart Commander of the Most Excellent Order of the British Empire (CBE) i 2005 for «tenestene sine i musikkindustrien og for veldedig arbeid».[4] May har ein doktorgrad i astrofysikk frå Imperial College London i 2007 og var universitetsrektor ved Liverpool John Moores University frå 2008 til 2013.[5] Han var ein «vitskapssamarbeidar» med NASA under New Horizons-toktet til Pluto.[6][7] Han var òg med å starte opp kampanjen Asteroid Day.[8]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

May vart fødd som einebarn av Harold og Ruth May i Hampton i London, og gjekk på den lokale Hampton Grammar School.[9][10] Han er av engelsk og skotsk ætt, der morssida var skottar.[11] På denne tida starta han det første bandet sitt, kalla 1984 etter George Orwell-romanen med same namn, i lag med songaren og bassisten Tim Staffell.[12] Han studerte matematikk og fysikk ved Imperial College London, og tok BSc. i fysikk.[13][14]

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

1968–1970: Smile[endre | endre wikiteksten]

May danna bandet Smile i 1968. Med i gruppa var Tim Staffell som solosongar og bassist, og seinare trommeslagaren Roger Taylor, som òg seinare spelte med Queen. Bandet varte berre kring to år, frå 1968 til 1970, då Staffell slutta i 1970. Smile vart samla att den 22. desember 1992. Bandet til Taylor, The Cross heldt konsert, og han henta inn May og Staffell på scenen for å spele «Earth» og «If I Were a Carpenter».[15] May spelte òg fleire andre songar same kvelden.

1970–1991: Queen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Queen.
May (høgre) på scenen med Queen i 1979.

Queen vart skipa i London i 1970 med Freddie Mercury (solovokal, piano), Brian May (gitar, vokal), John Deacon (bassgitar) og Roger Taylor (trommer, vokal).

I dei tredelte vokalharmoniane til Queen, var May som regel den mørkaste korstemma. På somme av songane sine song han sjølv solovokal, mellom andre det første verset av «Who Wants to Live Forever», det siste verset av «Mother Love», mellomspelet på «I Want It All» og «Flash's Theme», og all solovokal på «Some Day One Day», «She Makes Me (Stormtrooper in Stilettoes)», «'39», «Good Company», «Long Away», «All Dead, All Dead», «Sleeping on the Sidewalk», «Leaving Home Ain't Easy» og «Sail Away Sweet Sister».

Gjennom karrieren til Queen, skreiv May ofte songar for bandet og han har skrive store hittar som «We Will Rock You», «Tie Your Mother Down», «I Want It All», «Fat Bottomed Girls», «Who Wants To Live Forever» og «The Show Must Go On» i tillegg til andre songar som «Hammer to Fall», «Flash», «Now I'm Here», «Brighton Rock», «The Prophet's Song», «Las Palabras de Amor», «No-One But You» og «Save Me». Ofte skreiv anten Mercury eller May dei fleste av songane på kvart Queen-album.

Etter den kjende Live Aid-konserten i 1985, ringde Mercury til bandkollegarene og føreslo å skrive ein song i lag. Resultatet vart «One Vision», med musikk av May og tekst skriven i lag av dei fire bandmedlemmane.[16]

For albumet deira The Miracle i 1989 valte bandet at alle songane på albumet skulle tilskrivast heile bandet, uansett kven som hadde vore hovudlåtskrivar.

I nyare år har han hatt oversyn med nymastringa av Queen-albuma, forskjellige DVD-utgjevingar og samleplater. I 2004 annonserte han at han og Roger Taylor skulle ut på turné for første gong på 18 år som Queen, i lag med Free/Bad Company-vokalisten Paul Rodgers. Dei spelte som «Queen + Paul Rodgers» og heldt fram gjennom 2005 og 2006 over heile verda, og gav ut eit nytt album med Paul Rodgers i 2008, kalla The Cosmos Rocks.[17]

1983–1998: the Brian May band[endre | endre wikiteksten]

I 1983 utforska fleire av Queen-medlemmane sideprosjekt. Den 21. og 22. april i Los Angeles var May i studio med Eddie Van Halen, utan intensjonar om å spele inn noko. Resultatet vart eit minialbum kalla Star Fleet Project.

May medverka til den tidlegare Genesis-gitaristen Steve Hackett på albumet Feedback 86, og spelte gitar på songen «Cassandra» og gitar og vokal på «Slot Machine», som vart skriven i lag med May. Sjølv om albumet vart produsert i 1986, kom det ikkje ut før i 2000. May arbeidde med den andre kona si, Anita Dobson, på det første albumet hennar, der ho song vokal på kjenningsmelodien til EastEnders. Melodien vart då songen «Anyone Can Fall in Love».[18] May produserte songen, som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart i august 1986.[19] I 1989 spelte May gitarsoloar på songen «When Death Calls» på Black Sabbath-albumet Headless Cross, og Living in a Box-songen «Blow the House Down» frå albumet Gatecrashing.

«Etter den tragiske slutten for bandet, kjennest det umogeleg å halde fram, men eg var verkeleg glad for at Brian forsette som soloartist. Han har så mykje meir musikk i seg og mykje meir å gje.»

Etter Freddie Mercury døydde i november 1991, la May seg sjølv inn på ein klinikk i Arizona og sa «Eg reknar meg sjølv som fullstendig sju. Eg var skadd og i stykke. Eg gjekk gjennom ein alvorleg depresjon. Eg var subsumert av kjensler av tap».[21] Han valte å takle sorga med å arbeide så mykje som mogeleg, og gjorde ferdig det første soloalbumet sitt, Back to the Light, og turnerte så verda over for å marknadsføre det. Han sa ofte i pressa at dette var den einaste terapien han kunne tenke seg.[22] I følgje Def Leppard-vokalisten Joe Elliott, «Det var uan tvil eit frykteleg og enormt slag å miste nokon han var så nær til. Personleg veit eg det reiv hjarte ut av Brian, men når eg har sagt det, så var han ved særs godt mot då albumet var ferdig.»[20]

Seint i 1992 vart the Brian May Band offisielt danna. Ein tidlegare versjon av bandet vart laust danna den 19. oktober 1991, då May spelte på Guitar Legends-festivalen i Sevilla i Spania. Besetninga for konserten var May på vokal og sologitar, Cozy Powell på trommer og perkusjon, Mike Moran og Rick Wakeman på klaverinstrument, og Maggie Ryder, Miriam Stockley og Chris Thompson på korvokal. Den originale besetninga i bandet var May på vokal og sologitar, Powell på trommer og perkusjon, Michael Casswell på gitar, Neil Murray på bass, og Ryder, Stockley og Thompson på korvokal. Denne versjonen varte berre fem konsertar. Sidan gjorde May fleire endringar. Gitaristen Jamie Moses erstatta Mike Caswell, og fleire av korvokalistane vart erstatta, då Catherine Porter og Shelley Preston kom inn. Denne besetninga turnerte i 1993 verda over, mellom anna som oppvarmingsband for Guns N' Roses i USA.[23] Då turneen var over gjekk May i studio att med Roger Taylor og John Deacon for å arbeide på songanr som vart det siste Queen-albumet Made in Heaven.[24]

I 1995 byrja May å arbeide med eit nytt soloalbum, i tillegg til å skrive musikk for fjernsyn og samarbeide med andre artistar.

2000 til i dag[endre | endre wikiteksten]

May i Chile i 2008.

Etter det siste soloalbumet hans i 1998, har ay spelt som soloartist, som bandmedlem og stundom med Queen i lag med Roger Taylor. Den 22. oktober 2000 gjesta Brian May ein Motörhead-konsert i Brixton Academy i lag med Eddie Clarke (tidlegare Motörhead-gitarist) for ekstranummeret «Overkill». I 2005 vart han kommandør i Order of the British Empire «for tenesten sine i musikkindustrien».[25] May er ven med songaren og musikaren Phil Collins og var ein av gjestene under Genesis-konserten på Twickenham Stadium i 2007.[26]

May arbeidde mykje med skodespelarinna og songaren Kerry Ellis, etter han gav ho ei rolle i musikalen We Will Rock You. Han produserte og arrangerte debutalbumet hennar, Anthems (2010), og spelte fleire gonger med Ellis. Han spelte gitarsolo på Meat Loaf-albumet Hang Cool, Teddy Bear. I lag med Elena Vidal gav Brian May ut ei historisk bok i 2009 kalla A Village Lost and Found: Scenes in Our Village. Boka er ei kommentert samling av stereoskopiske fotografi teken av fotografen T. R. Williams på 1800-talet.

I 2011 spelte May gitar på Lady Gaga-songen «You and I» frå albumet Born This Way, som kom 23. mai 2011.[27] I juni 2011 spelte May med Tangerine DreamStarmus FestivalTenerife, i høve 50-årsjubileet til den første romferda til Jurij Gagarin.[28]

Den 26. august 2011 spelte May «We Will Rock You» og «Welcome to the Black Parade» med det amerikanske rockebandet My Chemical RomanceReadingfestivalen.[29] Den 28. august spelte May «You and I» med Lady Gaga under MTV Video Music Awards ved Nokia Theatre i Los Angeles.[30] Den 10. oktober spelte May med det britiske rockebandet The Darkness.[31][32]

Den 12. august 2012 spelte Queen under avslutningsseremonien under sommar-OL 2012 i London.[33] May spelte delar av «Brighton Rock»-soloen før han fekk med seg Taylor og soloartisten Jessie J på «We Will Rock You».[33][34]

Astrofysikk[endre | endre wikiteksten]

Brian May 2015 ved Paranal-observatoriet.

May studerte fysikk og matematikk ved Imperial College London. Frå 1970 til 1974 studerte han til doktorgraden ved Imperial College, der han studerte reflektert lys frå interplanetart støv og snøggleiken til støv i plantet til solsystemet. Då Queen byrja å få internasjonal suksess i 1974, gav han opp doktorstudiane, men var medforfattar på to forskingsartiklar,[35] som var basert på observasjonane hans ved Teide-observatorietTenerife.

I oktober 2006 starta May opp att på doktorgraden sin ved Imperial College og leverte inn oppgåva i august 2007. Oppgva, kalla A Survey of Radial Velocities in the Zodiacal Dust Cloud, vart godkjend i september 2007, 37 år etter han vart starta.[36][37][38][39]

I oktober 2007 vart May gjesteforskar ved Imperial College og har opprettheldt interessa si i astronomi og har vore involvert i Imperial Astrophysics Group.

Han skreiv i lag med Sir Patrick Moore og Chris Lintott Bang! – The Complete History of the Universe (publisert i 2006)[40] og The Cosmic Tourist (publisert i 2012).

Asteroiden 52665 Brianmay vart kalla opp etter han den 18. juni 2008.[41][42]

Den 17. november 2007 vart May utpeikt til universitetsrektor ved Liverpool John Moores University,[43] og byrja i 2008.[44] Han hadde stillinga fram til 2013.[8]

Under pressekonferansen då New Horizons flydde forbi Pluto den 17. juli 2015 ved Johns Hopkins Applied Physics Lab, vart Brian May nemnd som ein del av forskarteamet.[45][46]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Queen.
Solodiskografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BBC News: Planet Rock Radio poll». 10 July 2005. Henta 28 January 2008. 
  2. «100 Greatest Gitarists Of All Time: Brian May». Rolling Stone. Henta 18. mai 2016. 
  3. «Readers Poll Results: The 100 Greatest Guitarists of All Time». Gitarworld.com. Henta 19. mai 2016. 
  4. «Queen star May hails Muse album». News.bbc.co.uk. Henta 18. mai 2016. 
  5. «May installed as uni chancellor». BBC. 19. mai 2016. Henta 23 October 2009. 
  6. Queen’s Brian May is a member of NASA’s New Horizon team
  7. History, Travel, Arts, Science, People, Places | Smithsonian
  8. 8,0 8,1 «European Space Agency to join Brian May's Asteroid Day». BBC. 19. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  9. Huntman, Ruth (17 October 2014). «Brian May: Me, my dad and ‘the old lady’». The Guardian. Henta 25 October 2014. 
  10. Hodkinson, Mark (1995). Queen: The Early Years. Omnibus Press. s. 40. ISBN 978-1-84449-012-7. 
  11. «I'm Exactly Half English and Half Scot...». Brian's Soapbox. 13 September 2014. 
  12. «The dude in the cardigan with the gitar». Henta 19. mai 2016. 
  13. «List of lists: Celebrities and remarkable people». Telegraph.co.uk. 22 May 2008. Henta 18. mai 2016. 
  14. Brian May. riaus.org.au
  15. Tim Staffell Biography. queenzone.com
  16. «Queen – One Vision». AllMusic. Henta 18. mai 2016. 
  17. «2008 The Cosmos Rocks Tour». Ultimatequeen.co.uk. Henta 18. mai 2016. 
  18. "ANITA DOBSON AND BRIAN MAY SURPRISE WEDDING». Hello!, 5 December 2000, republished at «Brian May and Anita Dobson Wedding Reports". BRIANMAY.com. Henta 22 May 2010.
  19. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited
  20. 20,0 20,1 Jackson, Laura (2011). «Brian May: The Definitive Biography". Hachette. Henta 26 April 2012
  21. «This week the Queen idol would've been 65... now pop star Dave Clark reveals: 'Freddie chose to die when his life stopped being fun'». Mail Online. Henta 18. mai 2016. 
  22. Horne, Nicky. «Queen – Royal Legend: Interviews: Brian May: Talk Radio '98». Queen.musichall.cz. Henta 19. mai 2016. 
  23. «1993 Back To The Light North American Tour (1st leg)». Ultimatequeen.co.uk. Henta 18. mai 2016. 
  24. Buckley, Peter (2003). «The Rough Guide to Rock». s.837. Rough Guides, 2003
  25. Mal:London Gazette
  26. Negrin, David. «A Conversation With Michael Hobson From The Music.Com». World of Genesis. Henta 29 July 2015. 
  27. Rainbird, Ashley (18 April 2011). «Lady Gaga to collaborate with Queen gitarist Brian May». Daily Mirror (UK). Henta 1 June 2011. 
  28. Sonic Universe featuring Brian May on 25th April. . The Official Queen Website. http://www.queenonline.com/en/news-archive/press-release-tangerine-dream-release-starmus-sonic-universe-featuring-brian-may-on-25th-april/. 
  29. «My Chemical Romance joined by Queen's Brian May at Reading Festival». NME.COM. 26 August 2011. Henta 18. mai 2016. 
  30. «Lady Gaga as Jo Calderone and Brian May perform 'Yoü And I' on stage during the 2011 MTV Video Music Awards». Mtv.com. Henta 18. mai 2016. 
  31. «The Darkness Wow The 100 Club At Intimate Show». JustinHawkinsRocks.co.uk. 11 October 2011. 
  32. «The Darkness @ 100 Club 10th October 2011». Planet Music Reviews. 13 October 2011. 
  33. 33,0 33,1 «Olympics Closing Ceremony: Jessie J Joins Queen For 'We Will Rock You' Performance». Capital. 12 August 2012. Henta 18. mai 2016. 
  34. «Olympics closing ceremony – playlist». Telegraph.co.uk. 12 August 2012. Henta 18. mai 2016. 
  35. Hicks, May and Reay 1972, 1974
  36. «{{{title}}}». Never Mind The Buzzcocks. nr. 10, serie 21. 25 minuttar i.
  37. «BRIAN MAY – Official Biography». Brianmay.com. Henta 19. mai 2016. 
  38. «Queen star hands in science PhD». BBC News. 19. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  39. «Queen star celebrates doctorate». BBC News. Henta 19. mai 2016. 
  40. «Queen star hands in science PhD». BBC News. 9 March 2007. Henta 2 January 2010. 
  41. May, Brian (2004). «the may-keeters homepage». brianmayworld.com. Henta 19. mai 2016. 
  42. NASA. «JPL Small-Body Database Browser». Henta 19. mai 2016. 
  43. «New Chancellor confirmed». Ljmu.ac.uk. Liverpool John Moores University. 23 November 2007. Arkivert frå originalen 6 September 2010. Henta 19. mai 2016. 
  44. «May installed as uni chancellor». BBC News. 19. mai 2016. Henta 19. mai 2016. 
  45. NASA News Conference on the New Horizons Mission (July 17, 2015)
  46. http://www.nasa.gov/feature/rock-starastrophysicist-dr-brian-may-goes-backstage-with-new-horizons

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brian May