Brian
Brian er eit mannsnamn av keltisk opphav og noko uviss tyding. Den vanlegaste forklaringa for namnet er at det kjem frå eit gammalkeltisk ord som tyder 'høg' eller 'høgbyrda'. Det har norsk namnedag den 4. september.
Andre skrivemåtar for namnet er Bríon og Bryan. Brjánn er ein islandsk variant. Brianna er eit avleidd kvinnenamn, medan Bryant og O'Brien er avleidde slektsnamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet har vore mykje brukt på Irland gjennom tidene, men blei også utbreidd i England gjennom bretonske innvandrarar i East Anglia, og vikinginnvandrarar frå Irland i Nord-England.
Brian i kulturen
[endre | endre wikiteksten]På Irland er namnet særleg knytt til krigarkongen Brian Bóroimhe, som skal ha drive vikingane frå øya. Brian, son av Tuireann og Brian, son av Eochaid Mugmedon, er også kjende frå irsk mytologi.
I nyare tid er namnet mellom anna kjend frå Monty Python-filmen Life of Brian.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Brian Bóruma (ca. 941–1014), irsk konge
- Brian Blessed (f. 1937), engelsk skodespelar
- Brian Epstein (1934–1967), engelsk forretningsmann, manager for The Beatles
- Brian Clough (1935-2004), engelsk fotballspelar
- Martin Brian Mulroney (f. 1939), kanadisk politikar og statsminister
- Lewis Brian Hopkin Jones (1942-1969), engelsk musikar (The Rolling Stones)
- Brian Wilson (f. 1942), amerikansk musikar (Beach Boys)
- Brian Cox (f. 1946), skotsk skodespelar
- Brian Johnson (f. 1947), engelsk musikar (AC/DC)
- Brian May (f. 1947), engelsk musikar (Queen)
- Brian Eno (f. 1948), engelsk musikar
- Brian Cowen (f. 1960), irsk taoiseach (statsminister)
- Brian Laudrup (f. 1969), dansk fotballspelar
- Brian Lara (f. 1969), trinidadisk cricketspelar
- Brian McKnight (f. 1969), amerikansk songar
- Brian Molko (f. 1972), skotsk-amerikansk musikar (Placebo)
- Brian Waltrip (f. 1978), fotballspelar frå USA som har spelt for Sogndal, Sandefjord og Molde
- Brian O'Driscoll (f. 1979), irsk rugbyspelar
- Brian McFadden (f. 1980), irsk songar og medlem i Westlife
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges, red. (2006), «Brian», A Dictionary of First Names, Oxford University Press