Brunbrystparakitt
| Brunbrystparakitt | |
Brunbrystparakitt | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av brunbrystparakitt | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
| Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
| Slekt: | Pyrrhura |
| Art: | Brunbrystparakitt P. calliptera |
| Vitskapleg namn | |
| Pyrrhura calliptera | |
Brunbrystparakitt (Pyrrhura calliptera) er ein liten, sårbar parakitt med særs lite utbreiingsområde i spreidde førekomstar i Colombia.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Brunbrystparakitten er 22-23 centimeter i kroppslengd. Han har grøn overside og overgump, grøne kroppsider og grønt i andletet, elles raudbrun hale og sentrale buk, raudbrun øyredekkarar, hals og nakke er i gråbrunt, krona og nakken i brunt med grøne fjørkantar, primære dekkfjører er gule og ofte med litt oransje, primærfjørene er blåe. Han har kvit augering. Desse fuglane kan vere støyane og produsere læte i flukt, typisk eit høgt og hardt «kri-kri-kri».[1]
Dei lever i utkanten av skog, oftast i lågvaksen dvergskog, og i gjenvaksen skog, gjerne nær kultivert land og páramo, totalt i høgder mellom 1700 og 3400 moh. Utbreiingsområdet er i dag avgrensa frå Cundinamarca nordover til Santander. Her lever dei av bær, frukter og dyrka mais.[1]
Hekkeperioden er i perioden august til oktober, elles er lite kjent om forplantingsbiologien.[1]
Populasjonen er estimert til 5 000-10 000, og er trudd å vere minkande. Han er jaga av menneske fordi han gjer skade på maisavlingar. Dessutan taper han habitat grunna avskoging og anna menneskeleg aktivitet. Verdas naturvernunion IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Collar, N.; Boesman, P. F. D. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Brown-breasted Parakeet (Pyrrhura calliptera), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.brbpar2.01.
- ↑ BirdLife International (2020). «Pyrrhura calliptera». IUCN Red List of Threatened Species 2020. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22685867A179575031.en. Henta 29. september 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) brunbrystparakitt hos Artsdatabanken
- (en) brunbrystparakitt i Catalogue of Life
- (en) brunbrystparakitt i Encyclopedia of Life
- (en) brunbrystparakitt i Global Biodiversity Information Facility
- (en) brunbrystparakitt hos ITIS
- (en) brunbrystparakitt hos NCBI
- (en) Kategori:Pyrrhura calliptera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pyrrhura calliptera – detaljert informasjon på Wikispecies