Brunnoddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunnoddy

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Midwayøyane Foto: Forest & Kim Starr
Bilete frå Midwayøyane
Foto: Forest & Kim Starr
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Anous
Art: A. stolidus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Brown Noddy
  • Vitskapleg namn
    Anous stolidus

    Brunnoddy (Anous stolidus) er ein tropisk sjøfugl og medlem i den biologiske slekta Anous av mørke noddyar i måsefamilien. Noddyar er rekna som terner.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Brunnoddyar når ei kroppslengd på 38 til 45 cm og ei vekt på rundt 175 til 185 gram. Dei minner om måsar blant anna av den relative lange halsen. Det svarte nebbet er langt og tynt, føtene er mørk brune. Fjørdrakta er mørk brun, mørkast på vengefjørene og halefjørene. Området frå nakken opp mot hovudet er gradvis lysare og formar ei lys hette på hovudet med ei kvit panne. Det kvite feltet er avgrensa i fronten av ei mørkare nebbrot og maske. Ein skarpt definert kvit augering framhevar auget. Kjønna er like. Umodne fuglar har lyse fjørkantar spesielt på vengfjørene, og dei manglar kvitt på hovudet.[1]

    Brunnoddyar har kosmopolitisk utbreiing avgrensa til tropiske og subtropiske havområde og hekkar på øyar. Dette strekkjer seg så langt nord som dei nordlegaste øyane i Karibia og Hawaii, og sør til Tristan da Cunha. Føda er småfisk og blekksprut. Dei kan ta flygefisk i lufta og plukkar elles bytte på havoverflata, vanlegvis stupdukkar dei ikkje slik som andre terner gjer. Dei flyg regelmessig opp til 50 kilometer ut frå hekkekolonien for å fange fisk, utanom hekkesesongen spreier deg seg vidare utover havet. Kullet er på eitt egg, tida frå egglegging til flygedyktige ungar er totalt ca. 13 veker. Levealder på opptil 25 år har vore registrert. [1]

    Storleiken på populasjonen er trudd å vere på over 1 million individ og stabil.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Brown Noddy (Anous stolidus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 10. november 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunnoddy