Brunrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunrot
Brunrot
Brunrot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Brunrotfamilien Scrophulariaceae
Slekt: Brunrotslekta Scrophularia
Art: Brunrot S. nodosa
Vitskapleg namn
Scrophularia nodosa

Brunrot (Scrophularia nodosa) er ei urt i brunrotfamilien. Arten er utbreidd i tempererte område på den nordlege halvkula, bortsett frå vestlege delar av Nord-Amerika.[1]

Planta vert kring 70 cm høg og har store lyse knutar på jordstengelen. Ho har snaue blad og snau stengel nede og er kjertehåra oppe. Blomsteren om lag kulerund, grøn krone med brun overlepe. Brunrot blømer kring juli månad på steinete stader i skugge.

Brunrot veks i Noreg nord til Finnmark. Planta er funnen opp til 650 m i Valdres.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mills, S., The Complete Guide to Modern Herbalism, Thorsons, Great Britain, 1994. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

  • Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunrot