Brydekval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brydekval
Brydekval
Brydekval
Utbreiing
Utbreiinga av brydekval
Utbreiinga av brydekval
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Parvorden: Bardekvalar Mysticeti
Overfamilie: Balaenopteroidea
Familie: Finnkvalfamilien Balaenopteridae
Slekt: Balaenoptera
Art: Brydekval B. brydei
Vitskapleg namn
Balaenoptera brydei

Brydekval (Balaenoptera brydei) er ein bardekval i finnkvalfamilien og tilhøyrer dei ekte finnkvalane. Brydekvalen held typisk til i varmare farvatn og viser ikkje same migreringsmønster som dei næraste slektningane sine. Brydekvalen tilhøyrer dei kvalartane forskinga veit minst om.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brydekvalen er ein typisk finnkval med lang og slank, nærast torpedoliknande kropp. Han blir normalt omkring 9–18 meter lang og veg vanlegvis 12–20 tonn (opptil 25 tonn maksimalt). Hoene blir berre marginalt større enn hannane.

Kvalen har namn etter den norske kvalfangstpioneren Johan Bryde (1858–1925) frå Sandefjord, og blei fyrste gong skildra av den norske zoologen Ørjan Olsen (1885–1972) i 1913. Olsen var med Bryde på kvalfangst utanfor Sør-Afrika i sesongen 1912–1913, då dei oppdaga denne nye kvalarten som Olsen skildra vitskapleg.[1]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Brydekvalen finst både i Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet og totalbestanden er anslått til cirka 90 000–100 000 dyr, men anslaga manglar skikkeleg dokumentasjon. Ein veit lite om kvar desse kvalane kalvar, sidan arten er svært lite sosial i forhold til slektningane sine. Brydekvalen sym som oftast åleine eller i små grupper.

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Brydehvalen held som regel til i kystnære strøk, der temperaturen i vatnet sjeldan er lågare enn 20 grader celsius. Han migrerer ikkje som dei andre finnkvalane, men går snarare ut og inn frå kysten alt etter korleis tilgangen er på føde. Brydekvalane er ikkje planktoneterar som andre bardekvalar, men jaktar i staden på pelagiske fiskar som makrell og sild.

Slektskap[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare blei brydekval og dvergbrydekval (Balaenoptera edeni) rekna som same art, men nye studiar viser at dei truleg er separate artar (sjølv om ikkje alle forskarar er samde i denne konklusjonen).[2] Molekylære studiar frå 2000-talet viser at brydekvalen er ein nærare slektning av seikval enn dvergbrydekval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ørjan Olsen. 1913. On the external Characters and Biology of Bryde's Whale (Balaenoptera brydei), a new rorqual from the Coast of South Africa, i Proceedings of the Zoological Society of London 1913, s. 1073–1090
  2. Publication: Sasaki, Takeshi, Masato Nikaido, Shiro Wada, Tadasu K. Yamada, Ying Cao, M. Hasegawa, and N. Okada. 2006. Balaenoptera omurai is a newly discovered baleen whale that represents an ancient evolutionary lineage. Molecular Phylogeny and Evolution, vol. 41, no. 1. 40-52.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]