Seikval
| Seikval | |
Seikval | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av seikval | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
| Familie: | Finnkvalfamilien Balaenopteridae |
| Slekt: | Balaenoptera |
| Art: | Seikval B. borealis |
| Vitskapleg namn | |
| Balaenoptera borealis | |
Seikval (Balaenoptera borealis) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava. Seikval vart fanga i britiske og norske farvatn før Den andre verdskrigen, men førekjem no berre sporadisk i norske farvatn. Det finst større bestandar nær Island og Grønland. På den sørlege halvkula vart det fanga store mengder seikval på 1900-talet, særskilt frå 1950-talet av då bestandane av blåkval, finnkval og knølkval var i ferd med å bli borte. Det vart fanga 20 000 seikval på den sørlege halvkula berre i året 1964. Den kommersielle fangsten i sør tok slutt i 1979 og i Nordatlanteren i 1989. Bestanden er no kraftig redusert - Den internasjonale kvalfangstkommisjonen anslo i 1996 10 000 individ sør for 30 grader sør, men talet er svært usikkert.[1] Arten er lett å forveksla med finnkval.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) seikval hos Artsdatabanken
- (en) seikval – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) seikval i Catalogue of Life
- (en) seikval i Encyclopedia of Life
- (en) seikval i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) seikval hos Dyntaxa
- (en) seikval hos Fossilworks
- (en) seikval hos ITIS
- (en) seikval hos NCBI
- (en) Kategori:Balaenoptera borealis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Balaenoptera borealis – detaljert informasjon på Wikispecies