Bryggja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryggja
stad
Blick auf Bryggja 2019.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stad
Areal 0,39 km²
Folketal 305 (2017)
Folketettleik 782 / km²
Postnummer 6711 BRYGGJA
Kart
Bryggja
61°56′18″ N 5°25′49″ E

Bryggja er ein tettstad og ei bygd i Stad kommune i Vestland fylke (tidlegare i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke).[1]

Tettstaden hadde 305 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på nordsida av Nordfjord, på fastlandet, 21 kilometers køyring aust for Måløy. Staden vart busett tidleg på 1600-talet og fekk handelsprivilegium i 1640. På 1700-talet hadde eigarane av handelsstaden einerett på handel i Hyen og Davik.

Her ligg Bryggja omsorgssenter og barneskulen Bryggja skule. Staden har òg daglegvarebutikk, bensinstasjon og bakeri. Verksemda North Cape Minerals som vinn ut olivin i Lefdal, er ein viktig arbeidsplass.

Skodespelaren og spelmannen Alfred Maurstad kom herfrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]