Byparlamentarisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Byparlamentarisme er ei ordning for organisering av lokalpolitikken i bykommunar der fleirtalet i bystyret vel eit byråd som skal ha den utøvande makta. Ordninga erstattar systemet med formannskap, der den daglege drifta av kommunen i større grad blir utøvd etter eit prinsipp om forholdstal, og ho overfører også makt frå rådmannen til byrådsleiaren. I Noreg blei byparlamentarisme innført i Oslo kommune i 1986, Bergen kommune i 2000 og Tromsø kommune i 2011. Fleire andre byar har også vurdert å innføre ordninga.

Som i andre parlamentariske system, er byrådet ansvarleg overfor bystyret, og kan risikere å bli utsett for mistillitsframlegg eller gå av som følgje av eit kabinettspørsmål. I Bergen treng eit bystyre positivt fleirtal for å bli innsett. Oslo praktiserte også opphavleg denne ordninga, men har no gått over til ei ordning med negativt fleirtal, der ordføraren, som sjølv er valt med positivt fleirtal, spør den han oppfattar som leiaren for den mest styringsdyktige koalisjonen om å danne byråd, etter same mønster som ved regjeringsdanningar i Noreg.

Byparlamentarisme er også ei stadig meir utbreidd form for styring av større byar utanfor Noreg.