Byplanlegging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paris blei omforma mellom 1850 og 1870 gjennom ei storstilt byplanlegging leia av Georges-Eugène Haussmann. Linene syner dei nye linene som blei til i byen gjennom omforminga.

Byplanlegging er den medvitne styringa av utviklinga til ein by eller tettstad. Slik planlegging kan gå frå utforming av mindre byrom og gater, til heile byen som heilskap. Ho omfattar arkitektur, infrastruktur, analyse av miljø, klima og terreng, så vel som menneskelege faktorar.

Styring av planlegging[endre | endre wikiteksten]

Det er sjeldan at byar blir planlagde frå grunnen av, men planlegginga er viktig for å styra byvekst. Kvar oppdeling av bustadgrunnar, kvart større byggjeprosjekt, kvar veg og kvart nytt straumkraftverk kan føra til auka bruk av kollektiv- og vegsamband, parkeringsplassar, vassforsyning, renovasjon og liknande. Det er difor ein fordel for samfunnet som heilskap at det blir lagt planar for by- og landskapsutviklinga på førehand.

Ein driv med byplanlegging både på lokalt og nasjonalt plan. Ulike instansar tek føre seg ulike planleggingsoppgåver, og fleire partar kan ta del i planlegginga ut frå kor stort prosjektet er.

Heilskapen i ein kommune blir teken vare på av ein overordna reguleringsplan som ofte er utarbeidd privat. Planen sørgjer for samanheng i byutviklinga og set kriterium for kva utbygging ein kan tillata. Han skal sørgja for at bustad- og næringsutbygginga skjer i samsvar med utbygging av infrastruktur og vern av naturlandskapet, og samstundes skal han styre dei lokale byggeplanane etter kommunen sine vedtekter.

Vellukka planlegging[endre | endre wikiteksten]

Godt planlagde område vil gje betre resultat for bustadsfelt og næringsområde, anten økonomisk eller i trivsel. Næringsparken bør til dømes gje godt rom for handel med gode parkerings- eller kollektivtilhøve, medan bustadfeltet bør ha leikeplassar og grøne lunger. God planlegging tek omsyn til natur, historie og lokal identitet.

Om ein ser tilbake i tid, kan ein sjå at mange av dei byane som folk tykkjer er dei fagraste, er komne til som følgje av tette og langtidsverkande system av forbod og rettleiing for byggjehøgder, funksjonar og effektar. Ein gjev nokre grader av fridom, men reglar kan sikre rett harmoni (eller kontrast), tryggleik og funksjon.

Planlegging og rekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Område råka av krig eller okkupasjon gjev ei spesiell utfordring for byplanleggjarar. Bygg, vegar, offentleg teneste og grunnleggjande infrastruktur som straum, vatn og kloakk er ofte øydelagde eller nesten ubrukelege. Det må vurderast i planleggingsfasen om restane som er igjen av kulturlandskapet skal fornyast eller fjernast. Der finst ofte innbyggjarar som framleis held til på staden, og omsynet til dei gjer òg prosessen vanskelegare. Viktige historiske og religiøse stader og sosiale midtpunkt skal i mange fall vernast eller integrerast på nytt i den nye planen for byen.

På den andre sida kan menneskelege katastrofar som strid og brann, eller naturkatastrofer i form av til dømes vulkanutbrot eller jordskjelv, også gje gamle byar ein sjanse til å fornying. Småbygde, kronglete og rotete byar kan stå opp att med full moderne kapasitet der ein heilskapleg plan let byen framstå heil og gjennomført. Gode norske døme på dette er Bergen sentrum etter ein eksplosjon under andre verdskrigen og Ålesund, som gjenoppstod i ny jugendstil etter ein bybrann. Begge byane står i dag med eit sentrumskvartal som innbyggjarane kan vera stolte av.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]