Hopp til innhald

Bytom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bytom
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Høgd 249−330 m
Areal 69,44 km²
Folketal 153 274 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 1100-talet
 •  Byrettar 1254
Postnummer 41-900 til 41-936
Retningsnummer +48 32
Bilnummer SY
Kart
Bytom
50°20′49″N 18°55′23″E / 50.347°N 18.923°E / 50.347; 18.923
Wikimedia Commons: Bytom

Bytom (tysk Beuthen) er ein by sør i Polen med om lag 150 000 innbyggjarar. Sidan 1999 har han vore ein del av Schlesiske voivodskap og tidlegare i Katowice voivodskap (1975–1998). Bytom er ein av dei største byane i Øvre Schlesien storbyområde med nesten 3,5 millionar innbyggjarar.

Bytom er ein av dei eldste byane i Øvre Schlesien og vart kjend som Bitom i 1136 og Beuthen i 1450. Han fekk byrettar i 1254 og låg strategisk til ved eit vegkryss. I 1259 vart han plyndra av mongolar.

Hovudplassen i Bytom.
Foto: Jan Mehlich

Bytom høyrte opphavleg til Kongedømet Polen og så setet for det slaviske hertugdømet Bytom frå 1281-1355. Han var styrt av Kongedømet Böhmen i 1289. Etter at tyske nybyggjarar kom til området vart han gradvis germanisert. Han kom under Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526, og byen vart i enno større grad påverka av det tyske språket. Byen vart ein del av Kongedømet Preussen i 1742 under dei schlesiske krigane og så ein del av Det tyske keisardømet i 1871. I 1945 vart han overført til Polen etter Potsdamerkonferansen. Delar av den tyske folkesetnaden hadde flykta og mange av dei attverande vart drivne bort av polske og sovjetiske styrkar, og erstatta av polakkar.

Bytom er ein typisk postindustriell by. Dei fleste kolgruvene som fanst rundt byen er i dag stengde, medan stålindustrien sakte forsvinn. Byen kjempar for å klare ei forvandling frå industribaserte til tenesteytande næringar. Bytom samarbeider med to byar med meir eller mindre same problema, Recklinghausen i Tyskland og Butte-Silver Bow i USA. Byen har stor arbeidsløyse, særleg i den fattigaste bydelen Bobrek.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bytom