Dei schlesiske krigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei schlesiske krigane

Dato 1740–1763
Stad Sentral-Europa
Resultat Prøyssisk siger i alle tre krigane

Dei schlesiske krigane var ei rekkje krigar mellom Preussen og Austerriket (og deira vekslande allierte) om kontroll over Schlesien. Krigane var ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen og sjuårskrigen.

Den første schlesiske krigen (1740-1742)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den austerrikske arvefølgjekrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den første schlesiske krigen vert vanlegvis rekna som ein del av den mykje større konflikten om den austerrikske arvefølgja. Oppstarten til krigen var den pragmatiske sanksjonen frå 19. april 1713 der keisar Karl VI ønskte å endre den lovpålagde arverfølgja slik at òg kvinner kunne arve trona. Dette viste seg å vere føretenkt for i mai 1717 vart den eldste dottera hans fødd, og då han døydde i 1740 tok ho over trona i Habsburgmonarkiet som dronning Maria Teresia av Austerrike.

Den pragmatiske sanksjonen vart generelt godteke medan keisaren levde, men då han døydde gjorde både Fredrik II, den nye kongen av Preussen, og kongen av Bayern, Karl Albert krav om at sanksjonen måtte forkastast. Den bayerske kongen gjorde krav på keisartrona, medan Preussen kravde Schlesien, som då var ein del av dei habsburgske områda.

Fredrik II av Preussen baserte kravet sitt på eit brot i Schwiebus-avtalen frå 1537, der dei schlesiske fyrstedøma Liegnitz, Wohlau og Brieg skulle gå i arv til BrandenburgPiast-dynastiet døydde ut. I 1675 døydde Georg Vilhelm av Legnica, den siste i Piast-familien, men på denne tida vart det ikkje gjort noko krav på dei gamle avtalane, sidan den prøyssiske kurfyrsten vart overtalt til å ta imot ei betaling for å gjere slepp på kravet om området.

65 år seinare fekk Preussen mektige allierte som stilte seg bak det gamle kravet om Schelsien. Preussen fekk støtte frå Frankrike, Bayern og Sverige, samt fleire mindre europeiske statar. Det delte målet med alliansen var å øydeleggje eller i det minste dempe makta til Habsburgmonarkiet og påverknande deira over dei tyske statane. Habsburg var på si side støtta av russarane samt Dei sameinte Nederlanda og Storbritannia/Hannover.

Kronologi[endre | endre wikiteksten]

Etter eit to månader langt felttog okkuperte dei prøyssiske styrkane Schleisen, som høyrte til Böhmen og Habsburg. I 1741 slo prøyssarane austerikarane i slaget ved Mollwitz nær Brieg. I Breslau-freden i 1742 vart det meste av Schlesien avstått til Preussen og det vart omorganisert som provinsen Schlesien.

Den sørlege delen av Schlesien (med Jägerndorf/Karniow, Troppau og Teschen) vart verande under habsburgsk kontroll og vart kalla Bømisk Schlesien, og etter 1849 Austerriksk Schlesien. Mindre del ar av Polsk Schlesien (Oświęcim, Zator, Żywiec og Siewierz) var ikkje involvert i denne krigen.

Freden i Breslau 1742[endre | endre wikiteksten]

Kartet over Schlesien (til høgre) viser delinga mellom Preussen, Böhmen-Austerrike og Polen etter freden i Breslau i 1742, som enda den første schlesiske krigen.

  • Den raude linja syner dei historiske grensene til Schlesien, som hadde vore uendra i om lag 1000 år.
  • Det grå området viser den større delen av Schlesien som Preussen tok frå Austerrike-Böhmen med freden i Wrocław (1742), som følgje av den første schlesiske krigen.
  • Det gule området viser resten av Bøhmisk Schlesien. Kartet viser byane Opava, Krnov og Cieszyn;
  • Det raude/oransje området viser Polsk Schlesien, hertugdøma Oświęcim og Zator, med Biała, seinare Bielsko-Biała og hertugdømet Siewierz.

Den andre schlesiske krigen (1744-1745)[endre | endre wikiteksten]

Prussian attack during battle of Hohenfriedeberg

Den andre schlesiske krigen fann stad mellom 1744 og 1745. Austerrikarane hadde tapt Schlesien til Preussen i slaget ved Mollwitz. Denne gongen prøvde austerrikarane under feltmarskalk Otto Ferdinand von Abensberg und Traun å ta Schelsien tilbake. Preussarane var igjen hærført av kong Fredrik II.

Slaget ved Hohenfriedberg den 4. juni 1744 vart kjempa på fleire frontar, der kvar del av den prøyssiske hæren kjempa kvar for seg. Sidan saksarane og austerrikarane ikkje klarte å støtte kvarandre gjennom slaget, fekk prøyssarane tid til å organisere seg etter den taktiske feilen og slå fienden. Etter den prøyssiske sigeren følgde ikkje Fredrik etter den tapande hæren.

I slaget ved Soor den 29. september 1745 møtte prøyssarane under Fredrik igjen ein austerrikske hær, denne gongen leia av fyrst Karl Aleksander av Lorraine med 39 000 mann. Fredrik prøvde å ta Graner-Koppe frå fyrst Karl, der prøyssarane vart møtt med kanoneld. Prøyssarane vann ein tett og hard kamp.

Fredrik var sikker på at krigen mot Austerrike var over, men keiserinne Maria Teresia hadde ikkje gjeve opp. Ho søkt efred med Frankrike og Preussen for å kunne fokusere alt på å slå Preussen og få kontroll over Schlesien att. Fredrik fekk nyss i planane hennar og svarte med å kome ho i forkjøpet. Dette vart kjend som slaget ved Kesselsdorf, som vart vunne av den prøyssiske generalen Leopold I av Anhalt-Dessau. Austerrikarane vart kommandert av Fredrik August Rutowsky.

Underteikninga av Dresden-traktaten den 25. desember 1745 enda den andre schlesiske krigen mellom Austerrike, Sachsen og Preussen. Maria Tereis anerkjende Fredrik den store sin suverenitet over Schlesien mot at prøyssen anerkjende Frans, ektemannen hennar, som tysk-romersk keisar.

Den tredje schlesiske krigen(1756-1763)[endre | endre wikiteksten]

Denne krigen var ein del av den all-eurpeiske sjuårskrigen. Austerrike prøvde på ny å få tilbake Schlesien, men undervegs mista dei støtten frå Russland. Preussen stadfesta dermed dei schlesiske områda, som dei skulle ha dei neste 150 åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Silesian Wars» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Citino, Robert . The German Way of War. Lawrence: University Press of Kansas , 2005.
      • Craig, Gordon. The Politics of the Prussian Army. New York : Oxford University Press, 1955.
      • Showalter, Dennis. The Wars of Frederick the Great. New York: Longman Group Limited , 1996.