Calypso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Calypsomusikk)
Denne artikkelen handlar om musikkforma. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kalypso (fleirtyding).

Calypso er ei musikk- og danseform frå Trinidad som i dag er utbreidd over store delar av Karibia. Ho er kjenneteikna av synkopering, rytmeinstrument som conga, bongo og steel drum, og underhaldande, ofte improvisert tekst. Calypso er særleg knytt til trinidadisk karneval. Musikkforma blei verdskjend i 1950-åra, med Harry Belafonte som ein kjend utøvar.

Calypso har tradisjon tilbake til kolonitida og byggjer på kulturen til slavar av afrikansk opphav og tradisjonar frå spanske, franske og til slutt britiske koloniherrar. Innhaldet i songane har tradisjonelt vore ei blanding av smedeviser, nyheitsformidling og underhaldning, med ein forsongar oppahvleg kjend som griot, seinare som chantuelle/chantwell og i nyare tid som calypsonian. Dei fremste calypsoutøvarane har høg status og nyttar ofte fantasifulle artistnamn som Mighty Sparrow, Attila the Hun eller Lord Kitchener.

Under andre verdskrigen, då amerikanske soldatar hadde opphald på Trinidad, byrja ein ta i bruk tomme oljefat som trommer (steel drum). På 1950-talet gjekk calypso som ein farsott over heile verda. Ein ny, raskare variant av calypso oppstod i 1970-åra, soca.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Calypso» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 8. desember 2013.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.