Mento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mento er ein jamaicansk musikksjanger danna som ei blanding av europeisk og afrikansk folkemusikkJamaica. Han oppstod på slutten av 1800-talet, og har mykje til felles med calypso frå Trinidad og Tobago. Seinare utvikla visse mentostilar seg til ska og reggae.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mento byggjer på musikalske tradisjonar førte til Jamaica av vestafrikanske slavar.[1] Dei tok også til seg europeiske musikalske tradisjonar. Slavar som kunne spela instrument måtte ofte spela for eigarane sine, og kunne få god belønning for evnene sine.[1] Musikken dei laga blei ei kreolform med element frå dei ulike tradisjonane, som kvadrilje, ei europeisk musikkform som fekk ei ny form i Karibia.[1][2]

På 1920-talet spelte fleire karibiske jazzmusikarar inn mentolåtar, og på 1930- og 1940-talet blei mentoduoen Slim & Sam, som spelte rundt om i Kingston, kjende. Stilen blei populær på slutten av 1940-talet, og mento blei vanleg å framføra på dansar, festar og andre tilstellingar på Jamaica.[2] Tidleg på 1950-talet blei det gjort skikkelege mentoinspelingar på 78-plater, og denne tida er rekna som ein gullalder for musikkstilen, både i omfang, kreativitet og popularitet. Dette var også byrjinga på den jamaicanske plateindustrien.

Nokre viktige artistar frå 1950-talet er Louise Bennett, Count Lasher, Harold Richardson, Lord Flea, Lord Fly, Alerth Bedasse med Chin's Calypso Sextet, Laurel Aitken, Denzil Laing, Lord Composer, Lord Lebby, Lord Power, Hubert Porter og Harry Belafonte, sistnemnde ein jamaicansk-amerikanar frå New York. Belafonte hadde stor suksess i 1956-1958 med songar som «Day-O (The Banana Boat Song)» og «Jamaica Farewell» - mentosongar marknadsførte som calypso.

Mento har mange fellestrekk med calypso, og dei to sjangrane er ofte blitt blanda. Mento er også blitt kalla calypso, kalypso og mento calypso.[1] Mentosongarar kan også framføra calypsosongar og brukt calypsoteknikkar. Vidare har dei to sjangrane liknande emne, som daglegdagse emne med ein humoristisk snert, samstundes som dei også kan kommentera samfunnsproblem.[1]

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Mentorytme[3] Spel .

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Tekstane til mentosongar tek ofte opp emne knytt til dagleglivet på ein lett eller humoristisk måte. Dei kan til dømes ta opp fattigdom, dårlege hus eller parforhold. Tynt skjulte seksuelle referansar og innuendo er også vanleg. I nokre av motiva og temaa sine kan mento reknast som ein føregjengar for moderne dancehallmusikk.

Seinare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Joseph «Powda» Bennett frå The Jolly Boys.

Mento påverka dei seinare sjangerane ska og reggae, som på 1960-talet overskugge opphavet. Sjangeren blir likevel framleis spelt på Jamaica, særleg i turistområde. Det er også blitt laga nye versjonar av gamle mentolåter, som dancehall-artisten Elephant Man sin «Hill and Gully». Reggae-historikaren Lloyd Bradley har sagt at Lee «Scratch» Perry sitt kjende dubalbum frå 1976, Super Ape, inneheldt noko av den reinaste mentopåverknaden han visste om.[4] Stilen blei teken opp igjen av gruppa Jolly Boys seint på 1980-talet og tidleg på 1990-talet med fire album på First Warning Records/Rykodisc, og ein turné til mellom anna USA.[2] Stanley Beckford og Gilzene and the Blue Light Mento Band tok også opp att landsby-mento i 2000-åra.

Døme på gammal mento på CD[endre | endre wikiteksten]

  • Boogu Yagga Gal - Jamaican Mento 1950s (Heritage, 2001)
  • Trojan Calypso Box Set (Trojan, 2002)
  • Mento Madness - Motta's Jamaican Mento: 1951-56 (V2, 2004)
  • Dip & Fall Back Dr. Kinsey To Haile Selassie - Classic Jamaican Mento (Trojan, 2006)
  • Take Me To Jamaica - The Story Of Jamaican Mento From 1951 To 1958 (Pressure Sounds, 2006)
  • The Trojan Calypso Collection (Trojan, 2009)
  • Jamaica-Mento 1951-1958 (Frémeaux & Associés, 2009)
  • Trojan Presents Mento & R&B - 40 Roots Of Reggae Classics 1955 To 1962 (Spectrum, 2011)
  • Mento, Not Calypso! - The Original Sound Of Jamaica (Fantastic Voyage, 2013)
  • Jamaica Is The Place To Go - An Invitation To Jamaican Mento (Fantastic Voyage 2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 "Shaping Freedom, Finding Unity - The Power Of Music Displayed In Early Mento", Jamaica Gleaner, 11. august 2013. Henta 11. august 2013
  2. 2,0 2,1 2,2 "Mento Purely Home-Grown", Jamaica Gleaner, 6. juli 2014. Henta 6. juli 2014
  3. Johnston, Richard (2004). How to Play Rhythm Guitar, p.72. ISBN 0-87930-811-7.
  4. «Mento: Reggae's Forgotten Past | Clash Music Exclusive Interview». Clashmusic.com. 21. juli 2010. Henta 24. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesing
  • Floyd Jr, Samuel A (1999). "Black Music in the Circum-Caribbean". American Music, Vol. 17, No. 1 (Spring, 1999), pp. 1–38.
  • Neely, Daniel (2001). "Long Time Gal! Mento is Back!". The Beat, December 2001, vol. 20, no. 6: 38-42. Available in pdf format at New York University homepages.
  • Neely, Daniel (2007). "One of mento's great voices silenced". "Jamaica Observer, March 18, 2007,
  • Neely, Daniel (2007). "Calling All Singers, Musicians and Speechmakers : Mento Aesthetics and Jamaica’s Early Recording Industry." Caribbean Quarterly, Vol. 53, No. 4. (December 2007), pp. 1–15.
  • Barrow, Steve; Dalton, Peter (August 2004) [1997]. «The Beginnings: Mento to Ska». The Rough Guide to Reggae (Third utg.). Strand, London, England: Rough Guides, Ltd. ISBN 1-84353-329-4. 
Nettstader
  • Jamaica-Mento 1951-1958 - CD booklet online - (English version at the bottom of the page)
  • Jamaica - In Calypso: A World Music, a site created by Historical Museum of Southern Florida about calypso and mento
  • Jamaican Mento Music - site created by Michael Garnice (comprehensive information on the history and the musicians who made the music)
  • Ivan Chin - Mento music's pages on mento pioneer Ivan Chin. The Mento dance is a jamican folk form dance with the instruments acoustic guitar, banjo, hand drums and the rhumba box