Kaiso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kaiso er ei karibisk musikkform som er populær på Trinidad og Tobago og andre land i området, som Grenada, Barbados, St. Lucia og Dominica. Ho har opphav i vestafrikansk musikk, og utvikla seg seinare til calypso. Kaisosongar er typisk forteljande på form, og har ofte ein gøymd politisk undertekst.

Musikken har røter særleg frå dagens Nigeria) og kongeriket Kongo. Han kom til Karibia gjennom slavar, som tidleg i historia til musikken brukte han til å synge om herrane sine. Folk kunne også samla seg i «telt» der ein griot eller forsongar leia kaiso-allsong. Mange tidlege kaisoar blei sungne på fransk kreol av ein såkalla chantwell.

Ordet kaiso skal vera eit hausaord brukt på same måte som bravo. Ordet kan også bli bruk om calypsomusikk, særleg om særskild god eller autentisk calypso.[1]

På Barbados viser kaiso til ei form for calypso presentert på scenen, til dømes under crop over-festivalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Warner-Lewis, Maureen (1991). Guinea's other suns. Majority Press. ISBN 0-912469-27-7. 
  • Millington, J. (1999). Barbados - Garland Encyclopedia of World Music 2. Routledge. s. 813–821. ISBN 0-8153-1865-0. 
  1. «CALYPSO MUSIC IN TRINIDAD AND TOBAGO». Arkivert frå originalen 1. mars 2006. Henta 20. mars 2006.