Carl Fredrik Lowzow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Fredrik Lowzow
Fødd5. august 1927
Død20. oktober 2009 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, maskiningeniør
Alle verv

Carl Fredrik Lowzow (5. august 192720. oktober 2009) var ein norsk ingeniør og politikar frå Oslo. Han representerte Akershus fylke og partiet HøgreStortinget i tida 1977-89.

Lowzow var son til ein revisor. Etter studenteksamen i 1945 utdanna han seg i 1950 til sivilingeniør ved maskinlina på Heriot Watt University i Skottland. Sidan arbeidde han som konstruktør ved Akers mekaniske verksted i to år, deretter salsingeniør i Von der Lippe Co. 1952-55. I tida 1955-66 var han vedlikehalds- og anleggsingeniør i Dyno industrier og åra 1966-85 overingeniør ved Fjeldhammer Brug. Til sist ei tid administrerande direktør i Skedsmo & Sørum Elektrisitetsforsyning.

Frå 1968 til -75 var Lowzow medlem i Skedsmo kommunestyre, medan han i periodane 1976-79 og 1991-95 hadde plass i Akershus fylkesting. Dei tolv åra 1977-89 representerte han Akershus og Høgre på Stortinget. I nasjonalforsamlinga arbeidde han særleg med nærings- og samferdslepolitikk, mellom anna var han saksordførar for det som vart Norsk veg- og vegtrafikkplan for 1990-93. Han var medlem i Samferdselskomitéen periodane 1977–81 og 1985–89, i den mellomliggande perioden 1981-85 var han med i Energi- og industrikomitéen.

Lowzow var elles styreformann 1975-87 for Sentralsykehuset i Akershus, og medlem 1978-84 av landsstyret i Høgre.

Carl Fredrik Lowzow og Wenche Lowzow var tremenningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi