Carolin Schäfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carolin Schäfer

Carolin Schäfer (fødd 5. desember 1991) er ein tysk friidrettsutøvar som internasjonalt tevla i mangekamp. Ho vann i 2017 VM-sølv i sjukamp og i 2018 EM-bronse i same.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schäfer sette i 2014 personbeste i sjukampen ved europameisterskapen i Zürich, med 6 395 poeng enda ho fjerdeplassen, 37 poeng bak bronsevinnar Nafissatou Thiam. I mai 2015 forbetra Schäfer den personlege sjukamp-rekorden til 6 547 poeng ved meistermøtet i Götzis i Austerrike. Året etter vart ho nummer 5 under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i Brasil.

Under Götzis-stemnet 2017 presterte Schäfer personbeste i fem av dei sju øvingane og sanka heile 6 836 poeng, nest best i verda det året. Ved verdsmeisterskapen i London seinare i sesongen sikra ho seg sølvmedaljen med 6 696 poeng. I europameisterskapen 2018 la Schäfer beslag på på bronseplassen, gullvinnar Nafissatou Thiam og sølvmedaljør Katarina Johnson-Thompson makta ho ikkje hamle opp med.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]