Katarina Johnson-Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katarina Johnson-Thompson


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. januar 1993 (31 år)
Liverpool
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2018, EM i friidrett 2018, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Sjukamp damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Sjukamp kvinner

Katarina Johnson-Thompson (fødd 9. januar 1993) er ein britisk friidrettsutøvar frå Liverpool som tevlar i mangekamp, høgdehopp og lengdehopp. Ho vart verdsmeister i sjukamp i 2019 og har elles vunne femkampen i hall-EM 2015 og 2019 og hall-VM 2018.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Johnson-Thompson tok femteplassen i sjukamp ved verdsmeisterskapen 2013. Året etter vann ho meistermøtet i Götzis med 6 682 poeng. Same året i juli gjorde ho personleg rekord med eit lengdehopp på 6,92 meter ved eit DL-stemne i Glasgow. Våren 2015 sette Johnson-Thompson britisk rekord med 5 000 poeng då ho sigra i femkamp ved hall-EM i Praha, ho mangla 13 poeng på å tangere verdsrekorden.

Under dei olympiske leikane 2016 sette Johnson-Thompson under sjukampen britisk rekord i høgdehopp med 1,98 m, totalt i sjukampen enda ho på sjetteplass. I 2017 flytta ho sitt personbeste i sjukamp til 6 691 poeng i Götzis-stemnet og ho vart nummer fem i mangekampen ved verdsmeisterskapen i London. Mars månad 2018 sigra ho i femkamp ved hall-VM i Birmingham, ein større prestasjon gjorde ho då med 6 759 poeng tok andreplassen ved EM 2018 i Berlin.

I 2019 vann Johnson-Thompson meistermøtet i Götzis med endå eit personbeste, 6 813 poeng. Høgdepunktet i hennar idrettsliv kom då ho i byrjinga av oktober 2019 vann gullmedaljen i sjukampen ved verdsmeisterskapen i Doha og samstundes sette britisk rekord med 6 981 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Johnson-Thompson under EM 2018

Kjelder[endre | endre wikiteksten]