Chaoyang
| Chaoyang | |||
| prefektur | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 19 697,78 km² | ||
| Folketal | 2 872 857 (2020)[1] | ||
![]() Chaoyang 41°34′32″N 120°26′55″E / 41.57567°N 120.44856°E | |||
| Wikimedia Commons: Chaoyang, Liaoning | |||
Chaoyang (kinesisk skrift 朝阳, pinyin Cháoyáng) er eit kinesisk byprefektur lengst vest i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet, som i vest grensar mot provinsen Hebei og i nord mot Indre Mongolia, har eit areal på 19 698 km² og hadde vel 3 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Chaoyang omfattar to distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Landbruk utgjer ryggrada i næringslivet i Chaoyang. Åkervekstar som kveite, mais, bønner og poteter står i sentrum for avlen, i tillegg er Chaoyang ein viktig produsent av bomull og frukt. Chaoyang har meir enn 1600 industribedrifter, som lagar stålprodukt, maskinar, tekstilar og dieselmotorar, bilar og papir. Jarn- og stålverket Lingyuan og ein dekkfabrikk er mellom dei aller største verksemdene.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 101 går gjennom området. Han tek ut frå Beijing og fører via mellom anna Chengde til Shenyang.

Arkeologi
[endre | endre wikiteksten]Det er gjort mange viktige paleontologiske funn i Chaoyang, der Harqin-regionen kan vise til dei hittil aller eldste forhistoriske funn i det nordlege Kina. Funn av to fuglar frå Tidleg krit-tid er mest oppsiktsvekkande, dei vart gravne ut i nærleiken av fjellformasjonen Jiufotang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chaoyang, Liaoning» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 国务院第七次全国人口普查领导小组办公室 (juli 2022). 中国人口普查分县资料—2020 (på kinesisk). Beijing: China Statistics Press. ISBN 978-7-5037-9772-9. Wikidata Q130368174.

