Charles Perrault

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Perrault

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 12. januar 1628
Paris
Død

16. mai 1703 (75 år)
Paris

Yrke skribent, lyrikar, diktarjurist, eventyrsamlar, kritikar, barnebokforfattar, kunstteoretiker
Språk fransk
Sjanger eventyr, Éloge
Medlem av Académie française, Académie des inscriptions et belles-lettres
Ektefelle Marie Guichon
Charles Perrault på Commons

Charles Perrault (12. januar 162816. mai 1703) var ein fransk embetsmann og forfattar. Perrault var ein innflytelsesrik person i det litterære Frankrike på slutten av 1600-talet, og var medlem av Académie française, det franske akademiet. Han var leiar for den moderne fraksjonen under den heftige debatten querelle des Anciens eit des Modernes, strida mellom dei antikke og moderne. I ettertida er han best kjend for eventyrsamlinga Contes de ma mère l'Oye, som inneheld kjende eventyr om Raudhette, Oskepott, Katten med støvlane og Tornerose.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Perrault måla av Charles Le Brun.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Clarles Perrault var fødd i Paris. Han hadde ein tvillingbror som døydde i spedbarnsalder, og voks opp som den yngste av fire brør i ei velståande slekt med fleire medlemmar i det parisiske jurist- og høgare embedsmannsmiljøet. Dette var krinsar som den gongen hella mot jansenismen. Ein av brørne hans, Claude Perrault (1613–1688), var arkitekten for austvengen av Louvre.

Perrault studerte jus, og fekk advokatløyve i 1651. Han var fullmektig hjå bror sin Pierre Perrault, som var generalskatteoppkrevjar. I 1664 overdrog Colbert oppsynet med dei kongelege bygningane og avgjerda av offentlege innskrifter til han, og dermed det som la grunnlaget for Académie des inscriptions et belles-lettres.

I 1671 blei han medlem av Académie française. Her feira han i 1687 at Ludvig XIV var blitt frisk frå sjukdom med opplesing av eit dikt, Le siècle de Louis le Grand, som gav støytet til ein langvarig krig mellom det klassiske og det moderne.

Eventyr[endre | endre wikiteksten]

Tittelblad frå Contes des fées de Charles Perrault

Perrault la grunnlaget for ein ny litterær sjanger, eventyret, med tekster avleidde frå eldre folkesoger. Perrault sitt ry skriv seg først og fremst frå ei tynn bok med åtte forteljingar som kom ut i 1697: Histoires ou contes du temps passé, avec des moralités: Contes de ma mère l'Oye. Perrault, som då var 69 år, gav ut boka i namnet til sonen Pierre ettersom han frykta latterleggjering. Forteljingane omfattar blant anna Le Petit Chaperon rouge (Raudhette), Cendrillon (Oskepott), Le Chat Botté (Katten med støvlane), La Belle au bois dormant (Tornerose) og La Barbe bleue (Riddar Blåskjegg).[1] Mange av forteljingane til Perrault, som blei gjenfortalde av brørne Grimmtysk, heldt fram å vera populære og utgjevast på nytt. Dei er blit tilpassa til opera, ballett (som Tornerose av Tsjajkovskij), teater, og film og teiknefilm (som i mange Disney-verk).

Hundre år seinare blei desse eventyra kalla folkeeventyr av forskarar i Tyskland og andre stadar, men sannsynlegvis er det Perrault sine eventyr som har gjenutvandra til folket. Suksessen til boka kjem av Perrault si sikre språkkjensle, sjølv om dagens lesarar kanskje vil finna stilen noko høgtideleg. I 1820 kom eventrya ut på dansk ved N.T. Bruun, men den mest kjende danske utgåva er nok Christian Winther si omsetjing frå 1873 med Gustave Doré sine dramatiske teikningar frå 1862. Sjølv om Perrault gav eventyra ein moral på vers blei desse utelatne i omsetjingane.[2]

Niesa hans var Marie-Jeanne L'Héritier skreiv òg fleire eventyr.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • (1687): Poème sur le siècle de Louis le Grand.
  • (1688–1697): Parallèles des anciens et des modernes en ce qui regarde les arts et les sciences. Utgitt i en rekke bind
  • (1690): Le cabinet des beaux arts ou recueil d’estampes gravées d’après les tableaux d’un plafond où les beaux arts sont representés : avec l’explication des ces mêmes tableaux. Edelinck, Paris. (Digital utgave)
  • (1697): Histoires ou contes du temps passé, avec des moralités: Contes de ma mère l’Oye.
  • (1755): Mémoires de C. Perrault.
  • (1682): Labyrinte de Versailles.
Samla verk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bibliografi Arkivert 2006-01-14 ved Wayback Machine. (fransk)
  2. Høgh, Carsten (2002): Eventyrleksikon. København: Rosinante, s. 298

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kortum, Hans (1966): Charles Perrault und Nicolas Boileau. Der Antike-Streit im Zeitalter der klassischen französischen Literatur. Rütten & Loening, Berlin.
  • Soriano, Marc (1968): Les Contes de Perrault: Culture savante et traditions populaires. Gallimard, Paris.
  • Soriano, Marc (1972): Le Dossier Charles Perrault. Hachette, Paris.
  • Zarucchi, Jeanne Morgan (2003): Seventeenth-Century French Writers, Detroit: Gale, ISBN 978-0-7876-6012-3