Chris Pozniak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Pozniak
Chris-Pozniak-2008-06-23.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Krzysztof Poźniak
Kallenamn Poz, Pozzy, Pozzer
Fødd 10. januar 1981 (38 år)
Fødestad Kraków
Høgd 181 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 4
Ungdomsklubbar
1994-95 Flag of Canada.svg Scarborough Azzurri Blues
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2001
2001-04
2004-06
2007
2008
2008
2008-09
2009-10
2010-
Flag of Canada.svg Toronto Lynx
Sverige Örebro
Noreg Haugesund
Flag of Canada.svg Toronto FC
USA Chivas USA
Flag of Canada.svg V. Whitecaps
Skottland Dundee
Flag of Canada.svg V. Whitecaps
Noreg Haugesund
42 (0)
45 (1)
67 (9)
22 (0)
4 (0)
7 (1)
24 (1)
9 (0)
44 (2)[1]
Landslag
1998-2001
2002-04
2002-
Flag of Canada.svg Canada U20
Flag of Canada.svg Canada U23
Flag of Canada.svg Canada
16 (0)
9 (3)
24 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. desember 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 15. desember 2009

Chris Pozniak, fødd Krzysztof Poźniak (fødd 10. januar 1981 i Kraków i Polen) er ein polsk-canadisk fotballspelar. I 2011-sesongen spela han i forsvar for Haugesund i den norske Tippeligaen, i den andre perioden sin for klubben. Han har òg spelt på Canada sitt landslag.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Pozniak emigrerte frå Polen til Canada med foreldra sine og syster si i 1990.[2] Han begynte den profesjonelle fotballkarrieren sin med Toronto Lynx som 18-åring. Han drog til Europa og svenske Örebro SK i 2001 og vidare til Haugesund i 2004.

22. november 2006 kunngjorde manageren i Toronto FC, Mo Johnston, at Pozniak, saman med mellom anna den tidlegare Sogndal-spelaren Marco Reda, hadde skrive under for klubben til Toronto sin første sesong i Major League Soccer.[3] Pozniak spelte i forsvar og på midtbanen, som oftast som reserve med nokon kampar frå start.

21. november 2007 vart Pozniak valt ut av San Jose Earthquakes for 2008-sesongen.[4] 28. mars 2008 vart han bytt bort til Los Angeles-klubben Chivas USA mot John Cunliffe.[5] I mai 2008 vende han attende til Canada og Vancouver Whitecaps for å spela der fram til sommaren, då han ville prøva å finna ein klub i Europa.[6] I august fekk han ein eittårskontrakt med Dundee FC i skotsk 1. divisjon og spelte der i 2008/09-sesongen.[7][8]

30. juli 2009 kunngjorde Vancouver Whitecaps at Pozniak hadde skrive under for klubben ut 2009-sesongen, med opsjon for 2010. Denne opsjonen vart ikkje brukt. I staden vende Pozniak attende til Noreg og Haugesund, der han spelte fast på laget i 2010-sesongen i Tippeligaen.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Pozniak har spelt landskampar for Canada på U20-, U23- og seniornivå. Han spelte den første A-landskampen sin i 2002 i CONCACAF Gold Cup i ein kamp mot Haiti, som innbytar. Han har spelt tre VM-kvalifiseringskampar for Canada.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk & Internasjonal Fotballstatistikk
  2. «Chris Pozniak's biography». chrispozniak.com. 26. november 2006. Henta 26. november 2006. 
  3. «Toronto FC sign three Canadian players». Toronto FC. 26. november 2006. Henta 26. november 2006. 
  4. «Earthquakes select first 10 players in Expansion Draft». Seattle Post-Intelligencer. 21. november 2007. Henta 21. november 2007. 
  5. «Quakes make deal for offense». San Jose Mercury News. 28. mars 2008. Henta 28. mars 2008. 
  6. USLSoccer.com
  7. «Pozniak signs up». thedees.co.uk. 7. august 2008. Henta 7. august 2008. 
  8. «Kerr is latest to join». dundeefc.co.uk. 29. juni 2009. Henta 29. juni 2009. 
  9. Record at FIFA Tournaments - FIFA

Kjelder[endre | endre wikiteksten]