Christer Fuglesang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Christer Fuglesang
Christer Fuglesang.jpg
Fødd 18. mars 1957
Nacka
Nasjonalitet Sverige
Yrke fysikar, romfarar, blogger, forfattar
Institusjonar Kungliga Tekniska högskolan
Alma mater Kungliga Tekniska högskolan
Stockholms universitet
Barn dotter, son
Medlem Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet

Arne Christer Fuglesang (fødd 18. mars 1957) er ein svensk astronaut som jobbar hjå den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Fuglesang vart den første skandinaven i verdsrommet då han reiste med romferja Discovery til Den internasjonale romstasjonen 10. desember 2006. Med seg hadde han ein iPod med gamle ABBA-låtar.

Christer Fuglesang er fødd i Stockholm i Sverige. Han har norsk far, medan mora er svensk. Han byrja studere teknisk fysikk ved Kungliga tekniska högskolan i 1975 og vart sivilingeniør i 1981. Han tok vidaregåande studiar i eksperimentell partikkelfysikk ved Stockholms universitet, gjekk ut i 1987 og vart førelesar i 1991. Han jobba nokre år ved CERN før han han vart vald ut til å verte ein av romfartsorganisasjonen ESA sine astronautar.

«Heja Sverige! Heja Norge!»

I august 1993 vart Christer Fuglesang vald ut som ein av to ESA-astronautar som skulle trene til oppdraget Euromir 95 ved romfartssenteret utanfor Moskva saman med tyske Thomas Reiter. Fuglesang vart ikkje utpeikt til primærbesetninga, men vart i staden Crew Interface Coordinator ved bakkestasjonen i Kaliningrad.

I august 1996 byrja Fuglesang treninga med NASA sine oppdragsspesialistar og vart ferdig med utdanninga i april 1998, då han vart godkjend som astronaut og kunne vere med om bord på ei romferje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikinytt
Wikinytt har nyhende knytt til Christer Fuglesang:
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.