Christian Stephansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Stephansen
Fødd 8. september 1801
Død

7. august 1863

Yrke forretningsdrivande, politikar

Lauritz Christian Stephansen (8. september 18017. august 1863) var ein norsk skipper, handelsmann, skipsreiar og stortingsmann frå Tjølling i Vestfold.

Stephansen var son til ein prest. Fram til 1832 var han skipper, slo seg då ned i Arendal der han dreiv handel og var skipsreiar. På eigedomen Strøsmbones ved Arendal dreiv han eit skipsverft.

Han var medlem av bystyret i Arendal frå 1839, tida 1848-61 sat han i formannskapet. Stephansen var sterkt delaktig både då det vart oppretta skipsassuranseforeing og då eit sjøforsikringsselskap vart danna. Han var medlem av kongelege kommisjonar vedkomande loslova i 1849, sjøfartslova i 1850 og eksamensording for styrmenn i 1856. I 1847 møtte han og ein svenske i Paris med fullmakter til å forhandle fram ein handelsavtale mellom Noreg og Sverige på den eine sida og Frankrike på den andre. Saman med Henrik Helliesen forhandla han i 1858 i Hamburg om å take opp eit stort statslån.

Stephansen vart vald å representere Arendal og GrimstadStortinget 1857-58. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1857. Men han var med på omframstortinget i 1858, der han var medlem av finanskomiteen.

Han døydde på eigedomen Strømsbones i 1863. Enka oppretta 'Christian Stephansens legat', stort kr 7 000. Midlane frå legatet skulle gå til gamle og verdig trengande sjømenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914