Henrik Helliesen
Henrik Helliesen | |
![]() | |
Fødd | 29. september 1790 Stavanger kommune |
Død |
10. mai 1861 (70 år) |
Yrke | politikar |
Henrik Helliesen (29. september 1790–10. mai 1861) var ein norsk tollar og stortingsmann frå Stavanger. Han var far til Ole Theodor og Henrik Laurentius Helliesen, samt bror til Ole Helliesen.[1][2]
Helliesen var son til ein skipper. Frå 1814 hadde han stilling som tollbetjent i Eigersund. Tre år seinare tok han til som tollar i Bodø, eit embete han hadde til han i 1831 vart tollkasserar i Fredrikshald.
Helliesen var 2. representant frå Nordlands amt på Stortinget i 1830, der han var medlem av tollkomiteen. På ny stortingsmann i 1848, då som 2. representant frå Fredrikshald. Han var då medlem av Lagtinget og sekretær i tollkomiteen.
Han døydde i Fredrikshald i 1861.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Lindstøl, Tallak: Storthingsrepræsentanter og Suppleanter : 1814-1891 : biografisk og kronologisk Fortegnelse. Kristiania : Tønsbergs Bogtrykkeri, 1892. Side 58. hjå Nasjonalbiblioteket
- ↑ Sjå og Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS: der han blir kalla Hennik[daud lenkje]. Kjelder hos Bokhylla hjå Nasjonalbiblioteket kallar han Henrik eller Henrich. Besøkt 25. august 2013
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Henrik Helliesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv