Christian Thaulow

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search
Christian Thaulow
Christian Thaulow (crop) (FA-0035-HI-I-790 01 1).jpg
Fødd 25. mars 1864
Trondheim
Død

12. september 1930
Trondheim

Yrke politikar, kjøpmann, jurist
Christian Thaulow på Commons

Christian Thaulow (25. mars 186412. september 1930) var ein norsk kjøpmann og Høgre-politikar frå Trondheim.

Thaulow, som var son til ein kjøpmann, vart student frå Trondhjems Katedralskole i 1883 og vart cand.jur. i 1887. Då faren døydde i 1889 tok han over styringa av handelshuset Chr. Thaulow & Søn A/S. Etter mor hans døydde i 1898 var Thaulow eineeigar av firmaet heilt til han døydde i 1930.

Thaulow var medlem av bystyret i Trondheim i perioden 1897–1922, ordførar 1905-07. Valbolken 1903-06 var han 3. vararepresentant til Stortinget frå valkrinsen Trondhjem og Levanger. Han møtte på Tinget i 1906; frå 25. mai og ut sesjonen.

Han var formann i Trondhjems Handelsforening i 1898, 1903-04 og 1909-11. Elles kan nemnast han var medlem av tilsynskommisjonen for Meråkerbanen frå 1905, medlem av Noregs Bank sitt representantskap frå 1908 og styreformann ved Trondhjems Handelsgymnasium, samt styremedlem i Trondhjems Historiske Forening frå 1897.

Thaulow var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, riddar av 2. klasse av den prøyssiske Kroneordenen og innehavar av Kroningsmedaljen 1906 av 1. klasse.

Kjelder[edit | edit source]