Christoffer Hannevig den eldre
Utsjånad
| Christoffer Hannevig den eldre | |||
| Fødd | 21. august 1852 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 16. juli 1938 (85 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | forretningsdrivande, politikar | ||
| Barn | Christoffer Hannevig den yngre, Thor Olaf Hannevig | ||
| Alle verv |
| ||
Christoffer Hannevig (21. august 1852–16. juli 1938) var ein skipper, skipsreiar og stortingsmann frå Borre i Vestfold.
Han var son til ein skipper og skipsreiar, og gjekk sjølv same vegen etter han hadde gått realskule i Horten og teke eksamen ved Drammens sjømannskule. I 1898 kjøpte han storgarden Vestmannrød i Borre, og busette seg der.
Hannevig var varamann til Stortinget perioden 1904-06, og møtte ved nokre høve hausten 1905. Valbolken 1910-12 representerte han Jarlsberg krins og Høgre på Stortinget, medlem av Sosialkomiteen. Både sommaren 1911 og vår/sommar 1912 var han permittert for å ta seg av forretningane sine. Hannevig var ordførar i Borre 1907-10 og samstundes forlikskommissær.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914