Aasta Hansteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aasta Hansteen
Aasta Hansteen 1844 selvportræt.png
Fødd 10. desember 1824
Christiania
Død

13. april 1908 (83 år)
Christiania

Yrke kunstmålar, skribent, kvinnesaksforkjemper
Sjanger portrett
Far Christopher Hansteen
Aasta Hansteen på Commons

Aasta Hansteen (10. desember 182413. april 1908) var ein norsk kunstmålar, forfattar, målkvinne, samfunnsdebattant og kvinnesaksforkjempar. Ho var den fyrste norske kvinna som fekk profesjonell utdanning til å verta målar,[1] den fyrste kvinnelege portrettmålaren i Christiania og den fyrste norske kvinna som heldt offentlege førelesingar.[2] Ho var også ein av dei fyrste nordmennene til å nytta landsmål.[3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Hansteen var fødd som Asta Hansteen i Kristiania som dotter av Johanne Borch (1787-1840) og Christopher Hansteen (1784-1873),[4] som var professor i astronomi og anvend matematikk ved Universitetet i Oslo.

Hansteen var den nest yngste i ein syskenflokk på seks. Familien flytta til det nye observatoriet like utanfor Christiania i 1833. Dei hadde ein frisinna heim som ofte vart vitja av kunstnarar og forskarar både frå Noreg og utlandet. Mor til Hansteen døydde då ho var seksten, og ho nemnde henne sjeldan seinare. Ho hadde eit nært tilhøve til faren, og hadde lik han ein sterk «åndeleg energi» og sans for rettferd.[3]

Kunstnarisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Moses ber om seier støttet av Aron og Hur (1856)

Hansteen viste tidleg kunstnariske anlegg, og i 1843 vart ho elev hjå portrettmålaren Johan Gørbitz. I 1844 måla ho det fyrste bildet sitt, eit sjølvportrett.[3] Frå 1844 fekk ho opplæring i København hjå Jørgen Roed.[3] I 1849 fortsette ho studiane sine i Düsseldorf.[3]

I 1846 måla ho det fyrste større portrettet sitt, av Karoline Ewald.[4] Frå 1847 til 1852 måla Hansteen fleire sjangerbilete av barn som vart stilte ut i kunstforeiningane i Christiania og København.[4] Ho laga også større komposisjonar som viste norsk folkeliv og europeiske scener, mellom anna Pilegrimer ved brønnen (1851), som vart stilt ut i Noreg ved fleire høve i 1850- og 1860-åra.[4] Frå 1852 til 1855 verka ho som portrettmålar i Christiania.[4] Ho laga fleire portrett av far sin og bestillingsportrett av mellom anna statsråd J.H. Vogt, oberst H. Sibbern og sorenskrivar Rasch. Ho teikna Camilla Collett, J.S. Welhaven og A.M. Schweigaard i 1855. Dette året stilte ho òg ut fire måleri ved Verdsutstillinga i Paris, der ho deltok som einaste norske kvinne.[4]

I 1856 drog ho til Paris for å læra seg meir om fransk koloritt, og studerte med Ange Tissier.[4] Ho fullførte eit måleri med bibelsk motiv, Moses støttet av Aron og Hur , og Grubleren, som seinare vart kjøpt av Henrik Ibsen. Deretter var ho plaga av sjukdom i nokre år. Ho vart innstilt til Statens reisestipend for å kunna halda fram med studiane i Paris, men dette vart ikkje tildelt av departementet. I 1860 kom ho likevel tilbake til Paris att, og måla det bibelske motivet Jael og Sisera. Bileta hennar med bibelmotiv vart utstilte fleire gonger, og Hansteen rekna dei sjølv som hovudverk.[4]

Skribent[endre | endre wikiteksten]

Til Danmark

Noreg sender deg si helsning!
Kannskje undrar du deg paa,
at so broderleg ei helsning
du i ukend maal skal faa;
at ein byder havrekaka
naar ein hever kveitebraud?
Men at kveiten vaar kann smaka
d e g, er vonlega med naud.

Hansteen gjorde seg òg gjeldande som skribent, først under pseudonym med den nynorske boka Skrift og Umskrift i Landsmaalet (1862). Boka inneheldt nokre sjølvskrivne dikt og fleire omsetjingar av kjende norske tekstar. Dette var ei av dei fyrste bøkene på landsmål, etter «bøker av Aasen, ei diktsamling av Bernhardine Catharine Brun, den første boka til Vinje, ei sogebok av Eirik Sommer og ei reiseskildring av Axel Arbo».[5] I Ferdamannen tok ho til orde for ei eiga lesebok på landsmål. Ho hadde fatta interesse for Ivar Aasen sitt verk allereie som ungdom, og fekk betre innblikk i tradisjonell kultur då ho vitja Telemark i 1852.[3] Interessa for landsmålet gjorde at ho fornorska namnet sitt frå Asta til Aasta.[4] Ho nytta også konsekvent bynamnet Oslo i staden for Christiania.[5] Ho skreiv fleire dikt på landsmål i løpet av 1860-talet. Nokre vart trykte i Ferdamannen og Dølen.[3]

Aasta Hansteen vart kjend med On the Subjection of Women av John Stuart Mill då denne vart omsett til dansk av Georg Brandes i 1870. Denne boka fekk stor tyding på den nye norske kvinnerørsla.[3] Aasta Hansteen bidrog til kvinnesaka først og fremst gjennom innlegg i pressa. I 1871 skreiv ho kronikken «Kvinners stilling i verden», der ho stilte spørsmål ved den samtidige kristne ideen om at kvinna var underordna mannen som del av Guds plan.[6] Dette var fyrste gongen ho publiserte ein slik tekst under fullt namn.[3] I 1875 engasjerte ho seg i ein sak mellom ein norsk student og ei svensk baronesse, som var blitt gravid med og forlaten av han.[1] Gjennom skrifter og aktivisme var ho med på å forlanga at han anten måtte gifta seg med henne eller visast ut frå universitetet - i prinsippet ein kamp om lik moral for menn og kvinner.[3]

I 1878 gav ho ut boka Kvinden skabt i Guds Billede, som var ei utviding av den tidlegare kronikken hennar.[1] Ho ordskiftast kraftig med teologar, og ende til slutt opp med å melda seg ut av statskyrkja.[1] Ein serie føredrag ho heldt i Noreg, Sverige og Danmark før utgjevinga skapte skandale, både ved at Hansteen som fyrste norske kvinne heldt offentlege føredrag, og at oppførselen hennar vart sett på som eksentrisk og upassande.[3] Til dømes gjekk ho på kafé og opptredde sosialt på eit vis rekna som umoralsk for kvinner.[1]

Hansteen fann livet i Noreg svært vanskeleg, og såg på USA som eit friare land, ikkje minst for kvinner.[3] I 1880, då ho var 55, emigrerte ho til USA med fosterdottera Theodora Nielsen.[2] Ho slo seg ned i Boston, der ho var i seks og eit halvt år, og var to og eit halvt år i Midtvesten med base i Chicago.[7] Hansteen livnærte seg som målar, skreiv artiklar og heldt talar.[3] Ho måla mellom anna for Den norske forening i Boston, portrett av Bjørnstjerne Bjørnson, Marcus Thrane og norske folkelivsskildringar. Ho laga også eit allegorisk måleri, Europe pays Homage to American Women (1881). Dette opphaldet var siste gongen ho verka som målar.[4] Hansteen vart kjend med amerikanske progressive røyster, og utvikla dei feministiske tankane sine påverka av kvekarane og Christian Science-rørsla.[1]

Hansteen treivst godt i USA. Manglande engelskkunnskapar gjorde det likevel vanskeleg for henne å verka som talar og skribent her.[7] Samstundes gav kjennskapen til ei veksande kvinnerørsle i Noreg henne optimisme.[3] I perioden skreiv ho også artiklar som ho sende heim til Noreg.[3]

Fotografi av Aasta Hansteen

Hansteen vende attende til Noreg i 1889 med impulsar som ho gav til kjenne i Norsk Kvindesagsforening og ved innlegg i bladet Nylænde. Ho tok med seg det amerikanske solsikkesymbolet, som var brukt av kvinnerørsla der, til Skandinavia, og solsikka vart symbol for NKF og Nylænde. Solsikker, sol og lys var viktige symbol for henne. 70-årsdagen hennar vart feira med ein solsikkefest.[7]

Då ho fylte 80 i 1904 vart Hansteen gjort til æresmedlem av Norsk Kvinnesaksforening.[6] Fram til ho døydde i 1908 skreiv ho for aviser og tidsskrift om ulike emne, som teologi, litteratur, målsak, politikk, arbeidarar, sosialisme og ikkje minst kvinnesak.[3]

Død og minne om henne[endre | endre wikiteksten]

Hansteen vart sjuk i 1907 og døydde året etter i Kristiania.[1] Ho er gravlagd på Vår Frelsers gravlund. På grava står ein minnestein av Gustav Vigeland frå 1910. I 1985 vart det avduka ein statue av Aasta Hansteen på Aker Brygge, laga av kunstnaren Nina Sundbye og påkosta av Oslo kvinnesaksforening og Norsk kulturråd.

Hansteen vart kjend i så stor grad at Henrik Ibsen brukte henne som modell for Lona Hessel i skodespelet Samfundets Støtter (1877),[8] og Gunnar Heiberg i Tante Ulrikke (1882).[2]

Aasta Hansteens vei i Oslo vart kalla opp etter henne i 1977. Han ligg på Stovner og er ein blindveg frå Fossumveien til Stovner politistasjon. Det er også ei gate i Trondheim som er kalla opp etter henne. 8. mars 2012 vart Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet kalla opp etter Hansteen.[6]

Aasta Hansteen var brordotter av Conradine Dunker (1780–1866) og faster til Kristofer Hansteen (1865–1906) og Edvard Heiberg Hansteen (1867–1949). Ho var grandtante til Viggo Hansteen (1900–41).[3]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Skrifter
  • Skrift og Umskrift i Landsmaalet, 1862
  • Kvindens stilling i Verden, i Nordisk Maanedsskrift for folkelig og kristelig Oplysning, 1871
  • Kvinden skabt i Guds Billede, 1878
  • Kristi kirke i det nittende aarhundrede, 1897
  • Dikt i (Ivar Aasens) landsmaal. 1862–67, 1908
  • Tyve aars kamp. Tilbageblik og fremsyn, red. av E. Aasen, 1985
Måleri[3]
  • Portrett av Karoline Ewald, 1846, privat eige
  • Pilgrimer ved brønnen, 1851
  • Portrett av Christian H. Schweigaard, 1852, Berg-Kragerø Museum
  • Portrett av professor Hansteen, 1853, Nasjonalgalleriet
  • Portrett av statsråd J.H. Vogt 1853
  • Sofie og Mathilde Dunker, 1855, p.e.
  • J. S. Welhaven, 1855, NG
  • Anton Martin Schweigaard, 1855, NG
  • Camilla Collett, 1855, NG
  • Portrett av oberst H. Sibbern, 1855, Eidsvollsgalleriet
  • Teikna portrett av Camilla Collett, J.S. Welhaven og A.M. Schweigaard, 1855, Nasjonalgalleriet
  • En ung arbeider, 1855–57, p.e.
  • Grubleren, 1856, NF
  • Moses støttet av Aron og Hur, 1856, Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa, USA
  • Laura Gundersen, 1867, NG
  • Theodora Nielsen, 1881, NG
  • Portrett av sorenskrivar Rasch (Eiker kommune)
  • Europe pays Homage to American Women (1881)

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Aas, Kristin Natvig; Haagensen, Trine Krigsvoll (29. oktober 2021). «Aasta Hansteen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 2,2 Rasmussen, Janet E. (1986). «"The Best Place on Earth for Women": The American Experience of Aasta Hansteen». Norwegian-American Studies 31 (1): 245–267. ISSN 2643-8437. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 3,15 3,16 3,17 Jensen, Lill-Ann (25. februar 2020). «Aasta Hansteen». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Wichstrøm, Anne (20. februar 2017). «Aasta Hansteen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  5. 5,0 5,1 «Aasta Hansteen - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 19. januar 2022 
  6. 6,0 6,1 6,2 Olje-og energidepartementet (8. mars 2012), «Luva døpes Aasta Hansteen», Regjeringen.no (på norsk), henta 12. januar 2022 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Aasta Hansteen, feminist poet abroad», The Norwegian American (på engelsk), 6. mars 2017, henta 15. januar 2022 
  8. «Henrik Ibsens skrifter: Innledning til Samfundets støtter: bakgrunn», www.ibsen.uio.no, henta 19. januar 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Aasta Hansteen
  • Aasta Hansteen ved digitaltmuseum.no
  • Lein, Bente Nilsen m.fl.: Furier er også kvinner: Aasta Hansteen 1824-1908, 1984, isbn 82-00-07268-1