Chrono Trigger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chrono Trigger
Chrono Trigger Logo.png
Utviklar(ar)Square
Utgjevar(ar)Square
Square Enix
Regissør(ar)Takashi Tokita
Yoshinori Kitase
Akihiko Matsui
Produsent(ar)Kazuhiko Aoki
Komponist(ar)Yasunori Mitsuda
Nobuo Uematsu
Plattform(er)Super NES, PlayStation, Nintendo DS
UtgjeveSuper NES
JP: 11. mars 1995
NA: 11. august 1995
PlayStation
JP: 2. november 1999
NA: 29. juni 2001
Nintendo DS
JP: 20. november 2008
NA: 25. november 2008
EU: 6. februar 2009
SjangerRollespel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Chrono Trigger er eit rollespel utvikla og utgjeve av Square til Super Nintendo Entertainment System i 1995. Gruppa som utvikla spelet inkluderte tre designarar som Square kalla for «Dream Team»: Hironobu Sakaguchi, skaparen av Final Fantasy-serien, Yuji Horii, ein frilans designar og skapar av Dragon Quest-serien, og Akira Toriyama, ein mangateiknar som er kjend for arbeidet sitt med Draqon Quest og Dragon Ball. Chrono Trigger følgjer ei gruppe av eventyrarar som reiser gjennom tida for å hindre ein global katastrofe.

Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess då det vart gjeve ut i 1995. Det vart utgjeve til PlayStation i 1999, i ei utgåve utvikla av Tose. Ei noko utvida utgåve av spelet, også utvikla av Tose, vart utgjeve til Nintendo DS i Japan og Nord-Amerika i 2008 og i Europa i 2009. Nintendo DS-utgåva selde 790 000 kopiar innan mars 2009.[treng kjelde] Chrono Trigger har også vorte utgjeve til Virtual Console, PlayStation Network, iOS-einingar, Android-einingar[1] og Microsoft Windows.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chrono Trigger iOS releases next month». Eurogamer. 21. november 2011. Henta 1. juli 2019. 
  2. «Nå har Chrono Triggers Steam-versjon blitt mye bedre». Gamer.no. 6. august 2018. Henta 1. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Chrono Trigger