Clément Ader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clément Ader
Clément Ader en 1910.jpg
Fødd 2. april 1841
Muret
Død

5. mars 1925
Toulouse

Yrke ingeniør, oppfinnar, luftfartsingeniør
Clément Ader på Commons

Clément Ader (født 2. april 1841, død 5. mars 1926) var ein fransk ingeniør, fødd i Muret i Haute-Garonne, og er først og fremste hugsa for pionerverksemda si innan luftfart .

Han var eit elektrisk og mekanisk geni for si tid. Ingeniøren Ader var oppfinnar og innovatør innan ei rekkje område. Til å byrja med studerte han til elektroingeniør, og i 1878 forbetra han telefonen, som nettopp var oppfunnem av Alexander Graham Bell.

Han etablerte det første telefonnettet i Paris i 1880. I 1881 oppfann han teatertelefonen, der eit system med to kanalar gjorde at ein kunne avlytta to kanalar samtidig og med det gje lyttaren ei ide om plasseringa til skodespelaren på scena. Detta var den aller første sendinga i stereofoniske lydar, og send frå ei operatilstelling over ein distanse på tre km i 1881.

Patentteikningar av Clement Ader sitt fly «La Éole».

Deretter vende han seg mot mekanisk flyging og satsa all tida og pengane sine resten av livet sitt på dette. Han brukte Louis Mouillard sine studiar av flukta til fuglane til å konstruera sitt første fly i 1886, «La Éole». Det var ein flaggermusliknande konstruksjon som brukte ein lettvekts dampmaskin som han sjølv hadde funne opp og konstruert, ein firesyleindra motor som utvikla 20 hk (15kW). Maskina vog ikkje meir enn 3,5 kg og dreiv ein fireblada propell.

Veneane, som hadde eit spenn på 13,5 m, hadde krumma flater og vog tilsaman 350 kg. Den 9. oktober 1890 gjorde Ader eit forsøk på å fly med «La Éole», og lukkast å ta av og fly ein distanse på ca. 50 m før flyet havarerte og vart øydelagt. Det var den første sjølvdrivne flyginga i historia.

Etter at «La Éole» vart øydelagt, konstruerte Ader eit fly han kalla «Avion II».

Dei fleste kjelder er samstemde om at arbeidet aldri vart fullført og vart forlate til fordel for «Avion III». Ader hevda likevel seinare i livet at han verkeleg flaug «Avion II» i august 1892 over ei distanse på 180 m i Satory.

Clement Aders «Avion No3» i flukt 1897

Med støtte frå det franske krigsdepartementet utvikla og konstruerte Ader «Avion III». Det minte om ei enorm flaggermus i silke og tre med eit vengespenn på 14,5 m, og var utstyrt med to fireblada, vridbare propellar som vart drive av ein dampmaskin på 30 hk (22 kW). Etter omfattande takseprøvar freista Ader å fly i Satory den 14. oktober 1897. Nokre vitne hevdar at «Avion» rulla nedover rullebana og letta mot himmelen framfor den offentlege kommisjonen og flaug ein distanse på over 270 m, medan andre hevdar at flyet havarerte før det rakk å ta av. Uansett lét kommisjonen seg ikkje imponera og trekte støtta tilbake, men heldt resultatet hemmeleg.

«Avion III»

Etter at Wright-brørne hadde gjort si flyging i 1903, frigjorde kommisjonen rapporten si om flygingane til Ader, og erklærde at dei hadde vore vellukka. Framgangen til Ader tiltrekte seg merksemda til krigsministeren Charles de Freycinet. Ader gav opp det heile, særleg offentlege demonstrasjoer, og «far» til luftfarten døydde i all stillheit i Toulouse.

Hans «Avion» finst framleis utstilt i Kunstindustrimuseet i Paris. Ikkje-franske historikarar nektar ofte for kvart og eit krav om at Ader var den første som flaug, sidan alle flygingane enda med havari, mange vart omdiskuterte, og Ader overdreiv resultata på sine eldre dagar.

Ikkje desto mindre vart Ader si flyging den 9. oktober 1890, 13 år før Wright-brørne, relativt ukontroversiell og Ader nyt framleis stor beundring for sit pionerarbeid. I 1938 gav Frankrike ut eit frimerke til hans ære og Airbus kalla opp ein av sina flyfabrikkar i Toulouse etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på nb:Clément Ader frå Wikipedia på bokmål 11. oktober 2018
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstof[endre | endre wikiteksten]