M
Utsjånad
| M | |||
| | |||
| Bruk | |||
|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
| Type | Alfabet | ||
| Opphavsspråk | Latin | ||
| Fonetisk bruk | |||
| Unicode | U+004D, U+006D | ||
| Plass i alfabetet | 13 Talverdi: 1000 | ||
| Historie | |||
| Utvikling | |||
| Tidsperiode | ca. 700 f.Kr. til no | ||
| Etterkomarar | |||
| Slektningar | |||
| Anna | |||
| Vanleg tilknytte bokstavar | m(x) | ||
| Tilknytte tal | 1000 | ||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||
Bokstaven M (m) er den 13. bokstaven i det latinske alfabetet og den 12. i det greske alfabetet (M μ). Bokstaven stammar frå det det fønikiske alfabetet. På norsk viser M til den den bilabiale, nasale sonanten. På semittisk heitte bokstaven mem. Grekarane kalla han my i analogi med ny for n. I den opphavlege biletskrifta i Egypt var bølgjelinja eit teikn for vatn. Romarane kalla bokstaven em.
Runealfabetet har bokstaven som fjerde bokstav i tredje ætt.
M kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- 1000 skrive med romartal, som kjem av det latinske mille som tyder «tusen».
- prefikset mega- (=106 eller ein million) i SI-systemet. Kjem av greske megas, som tyder «stor». Innan IT viser mega til 26 = 1 048 576.
- eininga mach som mellom anna vert nytta i aerodynamikk.
- symbol for molaritet.
- forkorting for Messierkatalogen i astronomi
- eit symbol for absolutt og tilsynelatande storleiksklasse.
- teikneserien M av Mads Eriksen
- forkorting for molekylmasse.
- nasjonalitetskjennemerke på bilar frå Malta
- på tyske bilskilt: München
- på spanske bilskilt før 2000: Madrid
- M', i irske og skotske familienamn, sjå Mac.
- M. kan på engelsk stå for Master, magister, meister, Member, medlem, Military, Medicine, og fleire. I samband med tal tyder det Motorway eller motorveg.
- forkorting for franske monsieur, som tyder «herr».
- forkorting for det romerske namnet Marcus.
Minuskelen, m, kan stå for
[endre | endre wikiteksten]- prefikset milli- (=10−3) i SI-systemet. Skrive føre eit einingssynbok seier det at eininga skal dividerast med 1000.
- m, symbol for masse. Partikkelmasse vert gjeven ved m med partikkelsymbol som indeks, til dømes me for elektronmasse, ma for atommasse og mp for protonmasse.
- symbol for lengdeeininga meter.
- symbol for molal eller molalitet.
- m. står på engelsk mellom anna for male (hankjønn), married (gift) og mile(s) (engelsk mil).
- i grammatikken forkorting for hankjønn.
- i musikk er m ei forkorting for fransk main eller italiensk mano ('hand'). I orkegelmusikk er det ei forkorting for manual. Som dynamisk teikn er det ei forkorting for italienske mezzo, som tyder middels.
- på reseptar forkorting for latin misce, som tyder «bland». Legen har skrive til apoteket om å blande den medisinen som er føreskriven.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «M – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.