Cliff Jones
|
Cliff Jones i 2010 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Clifford William Jones | ||
| Fødd | 7. februar 1935 (91 år) | ||
| Fødestad | Swansea i Wales | ||
| Høgd | 170 cm | ||
| Posisjon | Høgrevinge | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1952-1958 | Swansea Town | 168 | (47) |
| 1958-1968 | Tottenham | 318 | (135) |
| 1968-1970 | Fulham | 25 | (2) |
| 1970-1971 | King's Lynn | ||
| Landslag | |||
| 1954-1969 | Wales | 59 | (16) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Clifford William Jones (fødd 7. februar 1935) er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Swansea som i 1961 vart engelsk dobbeltmeister med Tottenham Hotspur og i 1963 vann cupvinnarcupen.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Høgrevengen Jones spelte på andredivisjonslaget Swansea City frå 1952. I 1958 vart han overført til fyrstedivisjonslaget Tottenham i London mot 35 000 pund. Han var ein sentral spelar på Tottenham-laget som i 1961 vart historisk då det som det fyrste laget vann både ligaen og FA-cupen i England. Året etter vann Jones og Tottenham forsvarte FA-cuptittelen med finalesiger 3-1 over Burnley FC. Den 15. mai 1963 møtte så Tottenham spanske Atlético Madrid på Feijenoord stadion i Rotterdam til kamp om cupvinnarcup-pokalen. Der imponerte Tottenham stort og vann heile 5-1. Etter ti år med Tottenham avslutta han ligafotballen 1968-70 hos Fulham FC og i 1969 nedrykk til 2. divisjon.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Jones var walisisk landslagspelar frå mai 1954 til juli 1969. Han spelte 59 kampar og skåra 16 mål. Den 22. oktober 1955, i sin andre landskamp, skåra han det andre målet då Wales slo England 2-1 framfor 60 000 tilskodarar på Ninian Park i Cardiff. Han spelte alle fem kampane til Wales under VM i fotball 1958 i Sverige, ein meisterskap der Wales rauk ut etter kvartfinalen mot komande verdsmeister Brasil, 17-åringen Pelé skåra det einaste målet i kampen.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham
- Engelsk ligameister: 1961 med Tottenham
- Vinnar av FA-cupen: 1961 og 1962 med Tottenham
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cliff Jones» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2018.