Cupvinnarcupfinalen i fotball 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1963 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 15. mai 1963, framfor 49 000 tilskodarar. London laget Tottenham Hotspur vann finalen, den 3. i sitt slag, med siffera 5-1 over Atlético Madrid.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Finalelaget til Tottenham i Rotterdam 15. mai 1963

Jimmy Greaves skåra det fyrste målet i kampen i det 16. minutt og John White la på til 2-0 i det 35. minutt. Straks etter pause reduserte Enrique Collar til 1-2 for Atlético Madrid på straffespark. Midtvegs i omgangen auka Terry Dyson Tottenham-leiinga til 3-1, før Greaves og Dyson begge skåra sine mål nummer to i kampen slik at Tottenham-sigeren lydde på 5-1.

Andries van Leeuwen frå Nederland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Tottenham-triumfatorane var: Bill Brown, Peter Baker, Maurice Norman, Tony Marchi, Ron Henry, Danny Blanchflower, Cliff Jones, John White, Bobby Smith, Jimmy Greaves og Terry Dyson.

Atlético Madrid mønstra: Edgardo Madinabeytia, Feliciano Rivilla, José Antonio Rodríguez, Ramiro Valente, Jorge Griffa, Jesús Glaría, Miguel Jones, Adelardo Rodríguez, Chuzo González, Jorge Alberto Mendonça og Enrique Collar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]