Cliveden-krinsen
Cliveden-krinsen (The Cliveden Set) var ein flokk mektige, konservative og tyskvenlege politikarar og aviseigarar i England i 1930-åra. Krinsen fekk namn etter herresetet Cliveden ved Thameselva, der gruppa ofte kom saman med Lady Nancy Astor som vertinne for å drøfte utanrikspolitiske spørsmål.
Forutan familien Astor, som åtte avisa The Observer og kontrollerte The Times, var mellom andre Lord Halifax og den britiske ambassadøren i Berlin, Sir Neville Henderson, medlemar av Cliveden-krinsen. Krinsen hadde òg samband med Sir Samuel Hoare og statsminister Neville Chamberlain i den britiske regjeringa. Cliveden-krinsen arbeidde for samarbeid med Tyskland som eit bolverk mot Sovjetsamveldet og kommunismen, og støtta general Franco i Den spanske borgarkrigen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Cliveden-krinsen (1949). I Norsk allkunnebok. II. bandet (s. 960). Oslo: Fonna Forlag.
Denne historieartikkelen som har med politikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.