Coast Center Base AS
Utsjånad
| Coast Center Base AS | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 980380610 | ||
| Hovudkontor | Ågotnes | ||
| Land | Noreg | ||
| Nettstad | https://www.ccb.no/ (norsk) | ||
Coast Center Base AS (CCB) er ein forsyningsbase for oljeindustrien på Ågotnes i Øygarden kommune. CCB vart etablert i 1973 og har spesialisert seg på service- og forsyningstenester, teknisk vedlikehald og hamnedrift.[1] Basen har ei samla flatevidd på 600 mål.
CCB er hovudbase for forsyningsaktivitetane til petroleumsfelta i Tampen-området i Nordsjøen. Desse er Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk, Troll, Huldra og Kvitebjørn.
Administrerande direktør i CCB er Jan-Dagfinn Lund.[1] Eigarane er Bernh. Larsen Holding AS (50 prosent) og NorSea Group AS (50 prosent).[treng kjelde]