Coco Chanel
Coco Chanel | |
![]() | |
Fødd | 19. august 1883 Saumur |
Død |
10. januar 1971 (87 år) |
Yrke | motedesigner, tekstildesigner, bedriftsleiar |
Coco Chanel på Commons |
Gabrielle «Coco» Bonheur Chanel (19. august 1883–10. januar 1971)[1] var ein fransk moteskaper som grunnla motehuset Chanel. Ho er mest kjend som skaparen av kjolen «den vesle svarte» og parfymen Chanel No. 5. Chanel vart kåra av magasinet Time til ei av dei hundre viktigaste og innverknadsrike personlegdomane frå 1900-talet, som den einaste moteskaparen.[2] I 2008 vart det produsert tre filmar og ein tv-serie om henne.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Chanel sjølv sa ho var fødd i 1883 i Auvergne, men ho vart eigentleg fødde i Saumur, i fattighuset mora hennar arbeidde i. Mora døydde då Gabrielle berre var elleve år gammal.[3] Som ung prøvde ho seg som kabaretsongar i Paris. Gjennom å sy kostyme til kollegaene ved kabaretteateret utvikla Chanel seg både som syar og designar.
Ho arbeidde som sjukepleiar i ein kort periode under første verdskrigen.
Chanel sitt forhold med ein tysk offiser under andre verdskrigen resulterte i søkkande popularitet og eksil i Sveits.[4][5]
Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]
Coco Chanel introduserte signaturcardiganen sin i 1925 og «den vesle svarte» året etter. Mesteparten av designet hennar forandra seg lite frå år til år og frå generasjon til generasjon. Typisk for Coco Chanel og designet hennar er fargane svart, kvitt og beige. Ho var veldig glad i klassiske perler.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Editors, Biography com, «Coco Chanel», Biography (på engelsk), henta 11. november 2021
- ↑ Horton, Ros; Simmons, Sally (2007). Women Who Changed the World. Quercus. s. 103. ISBN 978-1847240262. Henta 8. mars 2011.
- ↑ Wilson, Frances (1 October 2010). «Coco Chanel: The Legend and the Life by Justine Picardie: review». The Telegraph. Henta 20. mai 2015.
- ↑ Kloth, Hans Michael; Kolbe, Corina (26. august 2008). «Modelegende Chanel». Der Spiegel (på tysk). ISSN 2195-1349.
- ↑ Doerries, Reinhard (1. oktober 2009), Hitler's Intelligence Chief: Walter Schellenberg (på engelsk), Enigma Books, ISBN 978-1-936274-13-0, henta 11. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Coco Chanel» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Coco Chanel ved The Internet Movie Database (IMDb)