Colombiapikulett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colombiapikulett

Status i verda: LC Livskraftig

ColombiapikulettFoto: Francesco Veronesi
Colombiapikulett
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Picumnus
Art: P. granadensis
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Picumnus granadensis
Lafresnaye, 1847

Colombiapikulett (Picumnus granadensis) er ein liten fugl i spettefamilien og ein medlem av underfamilien Picumninae, pikulettar. Han er endemisk til Colombia med utbreiing i sørvestre del av landet, på vestsida av sentrale Andes i departementa Nariño, Cauca, Valle del Cauca og Quindío, moglegvis nord til sørlegaste Antioquia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Colombiapikuletten har storleik som normalt for pikulettar, ca. 9-10 centimeter og han veg 12-13 g. Samanlikna med storleik for europeiske fuglar er dette om lag som ein gjerdesmett. Fjørdrakta har brungrå overside, ofte med oliventone, undersida er lys grå. Panne og hette på hovudet er mørk med små kvite flekker i hos hoer, hos hannar blir flekkene gulfarga i panna. Underarten lengst nord har lys brune streker på buk og sider og meir gråleg overside.[1] Dette er ein stille fugl, han har ei svak einstonig trille.

Habitatet ligg i både opphavleg og gjenveksten moderat fuktig skog, og i krattskog, i høgder mellog 800 og 2100 moh. Utbreiingsområdet er frå øvre Valle del Patía i Nariño, nordover til øvre Valle del Cauca, dessutan på vestsida av Andes, frå øvre delar av Río San Juan i sør nordover til sørlegaste Antioquia.[1] Han er standfugl.

Storleiken og utviklinga av populasjonen er ukjent, likevel er han klassifisert som livskraftig av IUCN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Winkler & Christie i HBW (2002), om underarten P. g. antioquensis

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colombiapikulett