Gjerdesmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjerdesmett

Status i verda: LC Livskraftig

Gjerdesmett i NoregFoto: Svein Jan Hjelmeset
Gjerdesmett i Noreg
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Art: T. troglodytes
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Troglodytes troglodytes

Gjerdesmett (Troglodytes troglodytes) er ein liten fugl, og den einaste medlemmen av gjerdesmettfamilien Troglodytidae med leveområde utanfor Amerika. Gjerdesmetten lever i Europa og Maghreb i Afrika, og gjennom eit belte av Asia frå det nordlege Iran og Afghanistan over til Japan. I Noreg er han utbreidd nord til Troms, og treffast berre sjeldan i Finnmark. Han er trekkfugl berre lengst nord i utbreiingsområdet.[1] Arten er òg svært polygynisk («fleirkoneri»), eit uvanleg sosialt system for sporvefuglar.

Det vitskaplege namnet er henta frå det greske ordet troglodytes (frå 'trogle' eit hol, og 'dyein' for å krype), sett saman tyder det 'holebuar',[2] og viser til vanen denne fuglen har med å forsvinne inn i holrom eller sprekker i jakta etter leddyr eller for å søke skjulestader.

I engelskspråkleg del av Europa er gjerdesmetten idag kjent berre som 'Wren' i staden for det fulle namnet 'Eurasian wren'. Men tidlegare var Troglodytes troglodytes nemnt 'Winter Wren', med utbreiing òg i Nord-Amerika. Frå ca. år 2011 blei taksonet splitta opp i tre, med to nye artar, Troglodytes hiemalis i austlege Nord-Amerika og Troglodytes pacificus i vestlege Nord-Amerika.[3] Det er anslått at Troglodytes pacificus og Troglodytes troglodytes sist delte ein felles stamfar for ca. 4,3 millionar år sidan, lenge før dei glasiale syklusane i pleistocen er trudd å ha fremja artsdanning i mange fuglelinjer i den boreale skogen i Nord-Amerika.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gjerdesmettar er 9 til 10,5 cm lange og veg 6-10 gram, er raudbrune på oversida, og gråare under, tynnt tverrvatra med mørkare brunt og grått, særskilt på vengene og halen. Nebbet er mørk brunt, relativt langt og tynnt, beina er lysare brune. Ungfuglar er mindre tydeleg tverrvatra. Kroppsforma åt gjerdesmettar er uvanleg rund, og den korte, rare halen stikk oftast rett opp.[5]

Det er rundt 28 underartar av denne taksonomisk komplekse fuglearten og dei opptrer med fargevariasjonar og anna ulikskap gjennom utbreiingsområdet. Til dømes har underarten på Island lengre og flatare nebb, lengre bein og er mørkare enn fuglar på det europeiske kontinentet.[5]

Åtferd og økologi[endre | endre wikiteksten]

Denne litle korthala fuglen kan fare fram i terrenget som ei mus, og det er lett miste han av synet av når han jaktar føde. Gjerdesmettar har vore funne opp til over 4500 moh. i Himalaya og kan leve frå dei høgste heiane ned til kysten, også ute på øyar, berre dei finn skjul og ly. Han føretrekk fuktige habitat framføre tørre.

I Vest-Europa vil dei vanlegvis hekke i lauvskog eller blanda skog. Sjølv om dette er ein insektetar, kan han bli verande i moderat kalde og sjølv i snørikt klima, kor han beitar insekt på underlag som bork og falne trestammar.

Rørslene når han kryp eller klatrar går i stadig skiftande retning heller enn snøgt, flygingar er raske og direkte, men aldri lange, dei vesle, runde vengene surrar når han flyg frå busk til busk.

Om natta, og vanlegvis i kaldt vêr, kan dei kvile tettsittande i holrom og sjølv i gamle reir.

Gjerdesmetten er generelt insektetar men han et også litt bær.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Når denne fuglen er irritert eller hissa opp, driv samtalen fram i eit ettertrykkjeleg «zerrr». Songen er musikalsk, høgt og bestemt. Han har ei enorm stemme for storleiken sin. Songen kan nokre gonger forvekslast med jernsporven sin, som har òg har trille, men kortare og svakare og utan gjentaking.

Individa sin song varierer i kvalitet og dessutan i volum. Lætet byrjar med nokre førebelse strofer, går deretter går inn i ei trille, litt stigande, og endar i fullt klåre strofer eller triller. Songen høyrast gjennom heile året, men mest merkbart om våren.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Troglodytes troglodytes

Fuglen elskar «rotete» terreng. Reiret er overbygd og har inngang frå sida. Han kan byggje 3-4 reir. Hofuglen vel seg ut eit av dei, og kler det med fjør og dun. Etter at gjerdesmettungane er klekt er dei flygedyktige etter 14 - 19 dagar. Fargen på egga er kvite med raudbrune flekkar. Det første kullet kjem i mai. Hofuglen rugar i 15 - 17 dagar.[1] Gjerdesmetten kan ha to kull i året.

Gjerdesmettar er svært polygame i Vest-Europa, det vil seia ein hann til kvar tid kan ha meir enn ein hofugl med aktiv hekking på territoriet sitt.[1]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gjerdesmetten er den nest minste fuglen i Noreg[6] etter fuglekongen. Han er utbreidd i alle fylke på fastlandet, men mindre talrik nordover i Nord-Noreg og på det indre Austlandet, og han er sjeldan nord for Troms. Dels er dette ein trekkfugl i landet, men til dømes i dei milde kyststroka på Vestlandet er han å sjå året rundt, og på den andre sida finst det berre få registreringar av arten i Finnmark i desember månad.[7]

Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

I europeisk folklore er gjerdesmetten kongen av fuglane. Ifølgje ein fabel tilskriven Æsop av Plutark,[8] vann gjerdesmetten denne tittelen i ei tevling med ørna. Då dei to fuglane konkurrerte om å flyge høgast, kvilte gjerdesmetten på ryggen åt ørna, og då ørna blei sliten, flaug gjerdesmette opp og over ørna. Såleis fekk Plutark fram at gjerdesmetten viste at klokskap er betre enn styrke. Djervskapen er anerkjent i slike historier som Grimm-brørne si forteljing om gjerdesmetten og bjørnen. Aristoteles[9] og Plutark kalla gjerdesmetten basileus, konge, og basiliskos, litle konge. På tysk er gjerdesmetten kallas Zaunkönig ('kongen av gjerda'). I Japan er gjerdesmetten omtalt som «kongen av vinden». I Noreg har han vore kalla både «tommeliten» og «gardsmyg», men òg «fuglekonge».[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Kroodsma, D., Brewer, D., Christie, D.A. & Bonan, A. (2017) Eurasian Wren (Troglodytes troglodytes) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 22. april 2017
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 391. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - February 2011 (Om side 393)
  4. Weir, J. T.; D. Schluter (2004). «Ice sheets promote speciation in boreal birds». Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences 271 (1551): 1881–1887. doi:10.1098/rspb.2004.2803. ISSN 0962-8452. PMC 1691815. PMID 15347509. 
  5. 5,0 5,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820z
  6. <«Norsk Fugleatlas - Gjerdesmett». http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/fugleatlas/index.php?taxon_id=8895. Henta 22. april 2017. 
  7. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». https://artsobservasjoner.no/. Henta 22. april 2017. 
  8. Plutarch, Political Precepts xii.806e; Laura Gibb, tr. Aesop's Fable #238; Plutarch's brief account is referenced by Erasmus, Adages iii.7.1, accounting for the hostility of the eagle ("a creature at war with everyone") towards the wren
  9. Aristotle, The History of Animals, IX.11.
  10. Oppslag i Fuglene i farger hos Nasjonalbiblioteket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gjerdesmett