Hopp til innhald

Tokke kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tokke)
«Tokke» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Tokke (fleirtyding).
Tokke kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Dalen
Areal 984 km²
 •  land 907 km²
 •  vatn 77 km²
Folketal 2 212  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Jarand Felland (Sp)
Kommunenr. 4034
Kart
Tokke kommune
59°25′02″N 7°58′43″E / 59.417222°N 7.978611°E / 59.417222; 7.978611
Wikimedia Commons: Tokke
Nettstad: www.tokke.kommune.no

Tokke kommune er ein kommune i Telemark fylke. Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i Telemark, og grensar til kommunane Vinje, Kvitseid, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle.

Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.

Mesteparten av kommunen er fjell. Høgaste punktet i kommunen er Kvannfjell på 1 537 moh. Elva Tokke renn mellom Åmot i Vinje og innsjøen Bandak i Tokke. Andre vatn i kommunen er Borsæ, Botnedalsvatn, Byrtevatn, Folurdvatnet og Skredvatn.

I Eidsborg ligg Vest-Telemark museum der ein mellom anna finn Eidsborg stavkyrkje.

Historie og økonomi

[endre | endre wikiteksten]

Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida.

Det har vore gruvedrift i området sidan 1540, og ho gjekk føre seg i over 400 år. KoparmalmleiaÅmdals Verk vart funnen i 1689, og verket var i drift fram til 1945.

Kommunen har og store vasskraftressursar.

Kjende personar frå Tokke kommune

[endre | endre wikiteksten]

Verd å vitja

[endre | endre wikiteksten]
  1. Kvalshaug, Vidar (26. mai 2020), «Forfatter Arvid Torgeir Lie er død», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 24. juni 2020 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]