Confederación Nacional del Trabajo
| Confederación Nacional del Trabajo | |||
| | |||
| | |||
| Land | Spania | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagt | 1910 | ||
| Hovudkvarter | Bilbao[1] | ||
| Medlemstal | 320 000 (1917)[2] | ||
Confederación Nacional del Trabajo (CNT; Den nasjonale arbeidarkonføderasjonen) er ein spansk konføderasjon av anarkosyndikalistiske fagforeiningar. Dei høyrer til International Workers' Association. På [[spansk|kastiljansk] er namnet AIT - Asociación Internacional de los Trabajadores. Derfor ser ein gjerne initialane CNT og AIT saman på flagg og plakatar. (Sjå bilete).
Historisk sett var CNT òg forbunden med Federación Anarquista Ibérica (CNT-FAI).
CNT har gjennom heile soga si spela ei stor rolle i den spanske arbeidarrørsla.
CNT vart skipa i 1910 i Barcelona i Catalunya. Trass i at organisasjonen i fleire tiår var ulovleg i Spania, under Franco-diktaturet, held CNT i dag fram med å delta i den spanske arbeidarrørsla, og dei fokuserer på prinsippa om arbeidarsjølvstyre, føderalisme og gjensidig hjelp. Føderalisme betyr i denne samanhengen frivillig samarbeid av sjølvstyrte arbeidarkollektiv og kommunar.
Songen til CNT har sidan 1933 vore «A las barricadas», ein spansk versjon av «Warszawjanka».
CNT har vorte portrettert i nyare spansk film gjennom Vicente Aranda sin film Libertarias frå 1996, ein film som fokuserer på ei gruppe kvinnelege militssoldatar frå CNT ved Aragon-fronten under den spanske borgarkrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://cnt.es/noticias/cnt-renueva-su-secretariado-permanente-bilbao-ser%C3%A1-su-nueva-sede.
- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P957, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P123, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
- Denne artikkelen bygger på «Confederación Nacional del Trabajo» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2008.