Corby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Corby

Corby skyline.JPG
Plassering
Corby is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Northamptonshire
Distrikt Corby
Geografi
Flatevidd
 - By

80,28 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

50 316
  626,8 /km²
Koordinatar 52°29′″N 0°42′″WKoordinatar: 52°29′″N 0°42′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NN17-18
Telefon-retningsnummer 01536
Nettstad: www.corby.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Corby

Corby er ein industriby og eit administrativt distrikt i Northamptonshire i England. Han ligg rundt 30 mil nordvest for Northampton.[1] Av dei kring 53 500 innbyggjarane i distriktet bur rundt 50 000 i sjølve byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne gjenstandar frå mesolittisk og neolittisk tid i området rundt Corby. Dei første teikna på permanent busetjing er blitt datert til langt seinare, til 700-talet då danar kom hit og grunnla Koris by. I Domesday Book (1086) er staden nemnt som Corbei.

I 1226 innvilga Henrik III retten til å halde marknader og to årlege festivalar. Elizabeth I innvilga i 1568 eit charter som gav innbyggjarar ulike fritak frå skattar, avgifter og statleg teneste.[2]. Sidan 1862 har Corby Pole Fair vorte feira kvart tjuande år til minne om dette charteret.

Industrialisering[endre | endre wikiteksten]

Stålverk i Corby.

Det har vorte teke ut jernmalm i området sidan romersk tid, men dette utvikla seg ikkje til nokon stor industri før på 1800-talet. Då vart det med koma til jarnbana både meir lukrativt å hente ut malmen, og lettare og billegare å frakte han. Eit jernverk vart etablert innan 1910. I 1931 var Corby enno ein landsby med omkring 1500 innbyggjarar. Han byrja så å vekse raskt etter at det skotske firmaet Stewarts and Lloyds oppretta eit kombinert jernsmelteverk og stålverk. Då konstruksjonen byrja i 1934 strøymde arbeidarar til ikkje berre frå heile England, men òg frå det vestlege Skottland og Irland. Det første stålet vart produsert i oktober 1935, og i fleire tiår dominerte stålindustrien i byen. Innan 1939 hadde folketalet vakse til 12 000, og Corby vart rekna som den største landsbyen i England. På det tidspunktet vart det avgjort å opprette eit urbant distrikt, og dermed gje staden status som town

Corby hadde 1931 1600 innb., men vokste i de følgende fem år sterkt etter etablering av et skotsk stålverk. Bedriften tok med seg sine ansatte fra Skottland, og Corby ble en skotsk «enklave» i Midlands. Byen ble 1950 utpekt som new town med et planlagt folketall på 80 000. Stålverket ble imidlertid nedlagt 1979, og folketallet har i senere tid gått tilbake.

Andre verdskrig og etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen var det forventa at stålverka skulle bli eit mål for tyske bombefly, men berre nokre få bombar vart sloppe over byen, og ingen liv gjekk tapt.[3] Det einaste synlege sporet etter krigen er nokre kulehol på fasaden til det gamle postkontoret, som no er ein vinbar. Det er ikkje kjent korleis dette skjedde, men den mest populære lokale historia er at det var eit tysk bombefly som etter eit raid mot Coventry bestemde seg for å bruke opp det han hadde igjen av ammunisjon og skaut mot nokre ljos han såg i sentrum av byen.

Stålverka gjorde ein stor innsats under krigen, blant anna ved å produsere stålrøyra som vart brukt til å forsyne allierte styrkar på kontinentet med drivstoff under Operasjon Pluto.

Innan 1950 hadde folketalet nådd 18 000. Dette året vart Corby utpeikt som ein new town,[1] og fekk ein ny periode med ekspansjon. Det vart laga eit vegnett tilpassa moderne biltrafikk, og byen fekk mange grøne lunger og skogområde.

Nedgangstider[endre | endre wikiteksten]

I 1967 vart den britiske stålindustrien nasjonalisert, og stålverka i Corby vart dermed underlagt British Steel. Frå midten av 1970-åra førte selskapet, som gjekk med kraftig underskot, ein strategi som blant anna gjekk ut på å konsentrere industrien i fem område: Sørlege Wales, South Yorkshire, Scunthorpe, Teeside og Skottland. Dette fortsette etter den konservative valsigeren i 1979. I byrjinga av 1980-åra gjekk 11 000 arbeidsplassar tapt i Corby. Arbeidsløysa steig til meir enn 30 %.[4]

I 1983 kom nytt håp, i form av planar om å byggje ein stor temapark kalla Wonder World. Dette skulle føre med seg omfattande utbygging over ein periode på eit tiår, og deretter gje mange arbeidsplassar både direkte og indirekte. Det vart etterkvart klårt at prosjektet ikkje kom til å bli realisert, og lokalt omtalte ein det som «Wonder World, Wonder When?». Området har sidan vorte selt, og per 2006 er det planar om å utvikle det som eit bustadområde.

Arbeidsløysa har gått ned og ligg på det nasjonale gjennomsnittet, men nedgangstida har sett spor og har ført til mykje bitterheit. Sidan 2003 har det vorte gjennomført program for å auke folkesetnaden, med eit langsiktig mål på 100 000 innbyggjarar. Dette er blant anna gjort ved å tiltrekkje fleire store selskap, som Argos som har lagt eit stort distribusjonssenter til byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Corby» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. mai 2015.
  2. Corby Pole Fair Charter
  3. «Memories of the Second World War», BBC.co.uk
  4. Memorandum by Corby Borough Council (NT 50)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]