County Tyrone
| Tyrone | |||
| Tír Eoghain | |||
| county | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Ulster | ||
| Hovudstad | Omagh | ||
| Areal | 3 155 km² | ||
| Folketal | 177 986 (2011) | ||
![]() County Tyrone 54°37′N 7°10′W / 54.61°N 7.16°W | |||
| Wikimedia Commons: County Tyrone | |||
County Tyrone[a] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Tyrone grensar til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grensar Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.
Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.
Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Den tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tír Eoghain». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 30. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Tyrone» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.

