County Londonderry
Londonderry | |||
Derry Doire Lunnonderrie | |||
county | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Ulster | ||
Hovudstad | Derry | ||
Areal | 2 074 km² | ||
Folketal | 247 132 (2011) | ||
![]() County Londonderry 54°55′N 6°51′W / 54.92°N 6.85°W | |||
Wikimedia Commons: County Londonderry |
County Londonderry[a] er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Londonderry grensar til Tyrone i sør og Antrim i aust. I vest grensar grevskapet til County Donegal i Republikken Irland og i nord ligg Atlanterhavet. I søraust ligg Lough Neagh.
Den viktigaste byen, som tidlegare var administrasjonsby, er Derry eller Londonderry. Sidan 1973 har ikkje grevskapet hatt nokon administrativ funksjon, og er i den samanheng erstatta av distrikt.
Namnet på byen og grevskapet var opphavleg Derry, men på grunn av Londonfirma si deltaking i busetnaden av Ulster fekk han nytt namn. Nordirske nasjonalistar held på det gamle namnet både på byen og grevskapet, og i Republikken Irland nyttast òg forma Derry i offisielle samanhenger.
Grevskapet er nyare enn dei andre på øya. Det vart oppretta seinare då Coleraine vart slått saman med delar av Antrim, Donegal og Tyrone. Årsaka til dette er at byen sine styresmakter ønskte å få kontroll over omlandet, og pressa gjennom opprettinga av ei ny administrativ eining.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Arghadowey
- Ballykelly, Bellagy
- Castledawson, Coleraine
- Derry, Desertmartin, Draperstown, Dumananagh
- Dungiven
- Eglinton
- Feeny
- Garvagh
- Kilrea
- Limavady, Londonderry
- Maghera, Magherafelt, Moneymore
- Portstewart
- Springhill
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ irsk Contae Dhoire eller berre Doire,[1] ulsterskotsk Coontie Lunnonderrie
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Londonderry» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.