Crowlin Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eilean Mòr på Crowlinøyane

Crowlin Islands eller Crowlinøyane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Cròlainneach) er ei øygruppe i Indre Hebridane. Dei ligg mellom Skye og Applecrosshalvøya på fastlandet og har ingen fastbuande.

Øygruppa består av

  • Eilean Mòr (Storøya)
  • Eilean Meadhonach (Mellomøya)
  • Eilean Beag (Vesleøya)

Det er gjort funn i grotter på Eilean Mòr som viser at det budde menneske her i mellomsteinalderen for 8000 år sidan. Øyane har derimot vore utan busetnad sidan rundt 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°21′N 5°50′W