Cry Baby Cry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Cry Baby Cry» er ein song med The Beatles, skriven av John Lennon, men med bidrag frå Paul McCartney. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet The Beatles.

Songen er basert på songar og soger Lennon hugsa får barndomen sin, men har ein vri: Godnattsongar for barn dreier seg vanlegvis om å trøyste barnet, som i «hush little baby, don't you cry», men Lennon går den andre vegen: Berre gråt! Songen vert slik sett ein slags «anti-voggesong» med islett av uhygge:

Cry, baby, cry
make your mother sigh
She's old enough to know better
So cry, baby, cry

Teksten har visse likskapar med den gamle engelske barnesongen «Sing a Song of Sixpence» og er truleg, som mange barnesongar, meir bygd på leik med rim og reglar enn noko eigentleg «djupare» bodskap. Lennon såg ikkje sjølv songen som eit særleg viktig arbeid.

Songen går rett over i ein særs kort og namnlaus song av McCartney som avrundar det heile:

Can you take me back where I came from
Can you take me back

Songen sklir så rett over i ein annan «anti-song», den underlege og ikkje særleg lyttarvenlege og eksperimentelle «lydmontasjen» til Lennon og Yoko Ono; «Revolution 9».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon: Vokal, akustisk gitar, piano, orgel og korvokal
  • Paul McCartney: Bass, vokal
  • George Harrison: Elektrisk gitar
  • Ringo Starr: Trommer og tamburin
  • George Martin: Trekkspel og lydeffektar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]