Cupvinnarcupfinalen i fotball 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1974 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 8. mai 1974, framfor 6 461 tilskodarar. FC Magdeburg vann finalen, den 14. i sitt slag, med siffera 2-0 over AC Milan.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Eit sjølvmål i det 42. minutt gav Magdeburg leiinga til pause. I den andre omgangen la Wolfgang Seguin på til 2-0, utan at Milan makta pynte på sluttresultatet.

Arie van Gemert frå Nederland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Magdeburg sitt vinnarlag bestod av: Ulrich Schulze, Detlef Enge, Manfred Zapf (kaptein), Helmut Gaube, Wolfgang Abraham, Jürgen Pommerenke, Wolfgang Seguin, Axel Tyll, Detlef Raugust, Jürgen Sparwasser og Martin Hoffmann.

Milan stilte med: Pierluigi Pizzaballa, Angelo Anquiletti, Enrico Lanzi, Karl-Heinz Schnellinger, Giuseppe Sabadini, Aldo Maldera, Romeo Benetti, Gianni Rivera (kaptein), Carlo Tresoldi, Alberto Bigon og Franco Bergamaschi. Bergamaschi spelte ein time før han måtte vike for Alessandro Turini.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]