Hopp til innhald

Dødt språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Latin is a dead language
As dead as it can be.
It killed all the Romans,
And now it's killing me.[1]

Anonym skuleelev

Dødt språk er eit omgrep ein kan bruka for eit utdøydd språk som framleis blir nytta i visse samanhengar. Språket blir rekna som «dødt» fordi det ikkje blir nytta i spontan tale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.

Døde språk blir nytta fordi dei speler ei rolle i visse samanhengar, til dømes til religionsutøving, som skriftspråk i samband med utdanning, vitskap og liknande, eller som eit fastsett standardspråk brukt til særskilde høve. Ein del slike døde språk blir kalla klassiske språk.

Kjende døde språk

[endre | endre wikiteksten]
SpråkDøydde utSeinare bruk
Gammalgresk300-talet f.Kr.Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur
Gammalhebraiskca. 200Liturgisk språk i jødedommen; gjenoppliva rundt 1900 som moderne hebraisk
Gammalsyrisk1300-taletLiturgisk språk i den syriske kyrkja
Klassisk arabisk800-taletLiturgisk språk i islam, forløpar for moderne standard arabisk
Klassisk kinesiskca. 200Litterært språk i Aust-Asia fram til 1900-talet
Koinéca. 300Liturgisk språk i den gresk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar
Koptiskca. 1500-taletLiturgisk språk i den koptiske kyrkja fram til våre dagar
KyrkjeslaviskAldri eit talespråk; litterært språk fram til 1700-taletLiturgisk språk i slaviske ortodokse kyrkjer som den russisk-ortodokse kyrkja fram til våre dagar
Latinca. 600[2]Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur, liturgisk språk i den katolske kyrkja fram til våre dagar
Palica. 300-talet[3]Liturgisk språk i theravada-buddhismen fram til våre dagar
Sanskritca. 1100-talet[4]Liturgisk språk i hinduismen fram til våre dagar
Sumerisk2000 f.Kr.Brukt av skriftlærde i Assyria og Babylonia fram til ca. 500 f.Kr.[5]
  1. Ann Landers, [http://articles.chicagotribune.com/1995-08-07/features/9508070002_1_dead-language-latin-book-latin-in-high-school «A Lively Discussion Of A `Dead Language'», Chicago Tribune, August 07, 1995
  2. Vibeke Roggen m.fl.: Antikkens kultur (s. 185), forlaget Aschehoug, Oslo 2010, ISBN 978-82-03-33743-7 (Oppegjeve av Wikipedia på bokmål
  3. «Pali», Christus Rex, Inc.
  4. Sheldon Pollock (2001), «The Death of Sanskrit» (PDF), Comparative Studies in Society and History 43 (2): 392–426, doi:10.1017/S001041750100353X
  5. Atle Rønning, «Gjør døde språk levende», forskning.no, 06. september 2009