Dactylorhiza russowii
Dactylorhiza russowii | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. russowii | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza russowii
(Klinge) Holub
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Aust for Austersjøen og nordlege Russland |
Dactylorhiza russowii er ei plante med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Dactylorhiza russowii høyrer truleg til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]
D. russowii har vore registrert i alle landa i Baltikum.[2] I Litauen er han no rekna til D. traunsteineri, som er eit synonym for lappmarihand.[3] Ei kartlegging i Estland i 2005 konkluderte òg med at registrerte funn av D. russowii skulle reknast til D. traunsteineri.[4] I Latvia, Estland og i Plants of the World Online er han likevel framleis rekna som ein eigen art.[5]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]I Estland (estisk namn Russowi sõrmkäpp) veks D. russowii spreidd over det meste av landet og har status som sårbar (VU).[6] I Latvia (latvisk namn rusova dzegužpirkstīte)[7] veks han spreidd og er temmeleg sjeldan, men står ikkje som truga på den latviske raudlista.[2] I Litauen veks D. traunsteineri (litauisk namn siauralapė gegūnė) spreidd søraust og vest i landet og er rekna som sterkt truga (EN).[3][8]
Hybridar
[endre | endre wikiteksten]I Estland er det registrert hybridar mellom Dactylorhiza russowii og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[9]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. - ↑ 2,0 2,1 Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 7. februar 2023.
- ↑ 3,0 3,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 44-45. ISBN 9986-662-28-1. Henta 7. februar 2023.
- ↑ Pierre Delforge and C.A.J. Kreuz (2005). «Remarks on Estonian orchids» (PDF). Les Naturalistes belges. 86 (Orchid. 18): 21–56. ISSN 0028-0801.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza russowii». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza russowii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: rusova dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 7. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 402. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza russowii x Dactylorhiza incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 7. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Dactylorhiza russowii i Encyclopedia of Life
- (en) Dactylorhiza russowii i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Dactylorhiza russowii hos The International Plant Names Index
- (en) Dactylorhiza russowii hos Tropicos
- (en) Kategori:Dactylorhiza russowii – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Dactylorhiza russowii – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Dactylorhiza russowii – detaljert informasjon på Wikispecies