Lappmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lappmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Dactylorhiza lapponica D39 132 M.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. lapponica
(Laest. ex Hartm.) H.Sund.
Økologi
Habitat: kalkrik myr
Utbreiing: nordlege Europa

Lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Lappmarihand blei tidlegare ofte rekna som ein eigen art, Dactylorhiza lapponica, eller som ein underart av smalmarihand, men blir no rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

Andre underartar av kongsmarihand i Noreg er smalmarihand (ssp. sphagnicola) og purpurmarihand (ssp. purpurella). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Lappmarihand treng kalkrik myr å vekse i. Ho er ikkje så sterkt knytt til Nord-Noreg og fjellstroka i Sør-Noreg som ein trudde tidlegare, men har ei større sørleg utbreiing. Ein del funn i låglandet heilt sør på Austlandet, som ein trudde var smalmarihand, har òg vist seg å vere denne underarten.[4][5] Lappmarihand er i raudlistevurderinga i 2021 rekna som livskraftig (LC).[6]

Underarten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «sumpnycklar»)[7] og i Finland (VU) (finsk namn: «lapinkämmekkä»).[8] Det har synt seg at dei forekomstane av kongsmarihand på Gotland som ein tidlegare trudde var smalmarihand, er lappmarihand. Med eitt unntak er det òg lappmarihand som veks på Öland.[4]

Hattfjelldal kommune har valt lappmarihand til sin kommuneblome.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar lappmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre lappmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; m.fl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia. 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. 4,0 4,1 Mikael Hedrén og Steinar Skrede (2018). «Hva er Dactylorhiza traunsteineri (PDF). Blyttia. 76 (2): 105–116. ISSN 0006-5269. 
  5. «Artskart: Lappmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Lappmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 23. februar 2022. 
  7. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  8. «LAJI: Dactylorhiza majalis subsp. lapponica». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Velkommen til Hattfjelldal». Aarborten tjïelte / Hattfjelldal kommune. Henta 28. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]