Engmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Engmarihand (underarten grasmarihand)
Engmarihand (underarten grasmarihand)

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Underartar
Vitskapleg namn
Dactylorhiza incarnata
(Linné) Soó
Økologi
Habitat: myr, strandeng, sanddyne
Utbreiing: Eurasia

Engmarihand (Dactylorhiza incarnata) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]Norsk raudliste for artar (2021) er ho vurdert som livskraftig (LC).[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fargen på blomane til engmarihand kan variere i farge frå mørk rosa og raudfiolett til nesten heilt kvit. Einskildblomane har relativt smal, svakt tredelt leppe med mørkare strekteikningar eller prikkar. Støtteblada til einskildblomane er lange og kraftige, og dei er derfor gjerne godt synlege som grøne, brunlege eller raudlege innslag i akset. Engmarihand kan bli opp mot 40 centimeter høg. Stilken er tjukk og hol, og blada er lysegrøne og uflekka, utanom hos blodmarihand.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet engmarihand på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått det lite innarbeidde namnet grasmarihand. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet engmarihand.[3] Ein har tidlegare rekna med ein underart blodmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. cruenta), men i den 8. utgåva av Norsk flora er denne rekna som ein type av grasmarihand,[4] og blodmarihand står no i Artsdatabanken som varieteten D. incarnata var. cruenta.[3]

Underartane i Noreg er:[3]

I Norden finn vi elles:

  • voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca), i Sverige (ganske vanleg, ikkje vurdert separat for raudlista)[5] og Danmark (EN)[6]

Det finst fleire underartar på Dei britiske øyane, men utbreiinga av dei ulike underartane er ikkje fullt ut klarlagd:[7]

I Latvia er grasmarihand rekna som eigen art ved sidan av blodmarihand, medan voksmarihand er rekna som underart.[8] I Litauen er alle desse tre plasserte på artsnivå, og der er grasmarihand førd opp med underartane D.i. ssp. incarnata, D.i. ssp. serotina og D.i. ssp. haematodes.[9] I Estland er dei to siste, saman med fleire andre, rekna som varietetar av underarten grasmarihand.[10]

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for denne arten. I tillegg til å rekne blodmarihand og voksmarihand som varietetar, er òg ssp. coccinea og ssp. lobelii slått saman og gitt status som varieteten D.i. var dunensis.[11] I Plants of the World Onlline held ein framleis fast ved alle desse som underartar.[12]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Engmarihand er ein relativt vanleg orkidé i Noreg, først og fremst på Austlandet og i Midt-Noreg, så meir og meir spreidd nord til grensa mot Finnmark. Han trivst på kalkrik myr eller strandeng. Underarten dynemarihand veks i sanddynelandskap på Sørvestlandet. Arten er i tilbakegang på grunn av tap av habitat gjennom øydelegging av myrer, og var kom i 2006 inn på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT). I seinere utgåver av raudlista er arten vurdert som livskraftig (LC).[2]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn ängsnycklar),[13] i Danmark (LC, dansk namn kødfarvet gøgeurt)[14] og i Finland (NT, finsk namn punakämmekkä).[15]

Engmarihand (engelsk namn early marsh orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[7][16] på same måte som lokalt i England og Wales,[17][18] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[19] Fordelinga på underartar er ikkje fullt ut klarlagd.

I Baltikum varierer den systematiske handsaminga av artar og underartar frå land til land, men grasmarihand som art eller nominatunderart er vanleg i heile området.[20][8][9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Raudlista: Engmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Artsdatabanken: Namnetre engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  5. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca vaxnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  6. «Naturbasen: Hvidgul Gøgeurt Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Latvijas daba: stāvlapu dzegužpirkstīte» (latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023. 
  9. 9,0 9,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 34-35. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  10. «eElurikkus: Species» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 
  11. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  12. «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023. 
  13. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata ängsnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  14. «Naturbasen: Kødfarvet Gøgeurt Dactylorhiza incarnata». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  15. «LAJI: Dactylorhiza incarnata». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  16. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  17. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  18. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  19. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  20. «eElurikkus: Dactylorhiza incarnata» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]